Runden til Englandshovden-Imesdal-Veslehovden-Kammen (06.06.2017)
Ascents | Englandshovden (772m) | 06.06.2017 14:29 |
---|---|---|
Vetle Hovden (697m) | 06.06.2017 15:16 | |
Kammen (764m) | 06.06.2017 15:32 |
Ja, så var det om å gjere å ta nokre skundærtoppar da. Dette vart litt lenger enn eg hadde trudd, sjølv om det stort sett gjekk greitt. Følgde grusvegen opp til Ølnesstølen og deretter på eigne vegval opp mot Englandshovden. Deretter skråa eg ned mot Imesdal, for å unngå verste bratta ("Bratt" er jaggu meg ein kongeapp å ha i slike tilfelle!).
Når eg kom opp på Vetlehovden var både eg og jentungen i meisen litt lei, men kunne ikkje snu for det om. Kammen vart raskt bestige og eg følgde deretter grusvegen ned til eit krysningpunkt der eg følgde linja mot vegen til garden England (Gudane veit kvifor den har det namnet). Linjetraséen var noko skikkeleg drit, over ur og bregner og sleipt og jævlegt. Litt "utanfor" det forsvarlege med ein liten hund i nevane og ungen på ryggen (men der sistnemnde likevel lo seg skakk for kvart hopp eg gjorde). Når eg endeleg kom ned til grusvegen oppdaga eg til min irritasjon at eg truleg kunne ha følgd ein sti under linjetraséen. Tips til andre som gidd ta denne runden!
Ølnesstølen nådd
Englandshovden
Mykje skog i området - og vått gras!
Stølen Imesdal
Denne måtte og forserast
Endeleg England!
User comments