Langs Mjøsas bredder 2 (12.06.2015)
Ascents | Skreikampen (698m) | 12.06.2015 |
---|
Kom frå Hurdal og køyrde mot Eidsvoll Verk, måtte litt ut på E6 og tok av ved Minnesund mot Gjøvik.
Hadde tenkt meg ein tur innom Smaragd gruvene som ligg her, men det vart litt seint, så det får bli ein annan gong.
Køyrde vidare forbi Feiring og vidare mot Gjøvik, kom til skilting mot Skreikampen og St. Johns gruva inn på Stubberudveien. Fylgde denne vegen til parkeringsplass og blåmerka sti til topps. Stien delar seg på veg oppover, men det er tydeleg skilta kva for ein sti som gjeng mot toppen, og kva for ein sti som gjeng mot gruveområdet og synkane.
Det var fin utsikt og store vardar på toppen. Virkar som ein populær topp, 9 personar i tillegg til meg som hadde vore der så langt denne dagen pluss at eg møtte fire til som var på veg til toppen, når eg gjekk ned att.
Eg svinga også innom Pålsgruva på veg ned, ikkje det heilt store, men likevel litt moro å sjå for ein gruveinteressert å sjå andre gruver enn Åmdals Verk Gruver.
Eg bruka litt over 1 time opp og ned, og då somla eg litt med diverse gruver og bilete på toppen.
Ein dag med tre gode toppar sier eg meg nøgd med, og eg smila heile vegen tilbake til Lillehammer, der eg køyrde på motsett side av Mjøsa sett frå E6.
User comments