Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Ljøkjeshøvda
- Date:
- 09.06.2025
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 3.3km
Enkel tur ved ski-anlegget i bygda. Noko av stien var ødelagt av hogst-maskiner. Men bonden treng inntekter.
Kvithovd
- Date:
- 09.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.7km
Tur til Østre Slidre for å plukke nokre nye toppar. Det har vore 10 dagar sidan sist tur. Etter turar torsdag og laurdag i førre veke, blei det smerter i venstre hofta. Fyrste gong, og sannsylegvis betennelse. Det var difor greitt å gå nokre korte turar. Det var ikkje så lett å finne parkering, så det blei langs vegen. Fint at Peakbook hadde ruta denne turen, sidan rutevalet ikkje var heilt enkelt fyrste delen. Det var skilta betre lenger opp i terrenget. Moro å gå nye ruter, og spesielt med furuskog, heilt på toppen, vel 1000 meter over havet. Fin utsikt like under toppen, og til vatnet, lenger nede på ruta.
Storehaugen
- Date:
- 31.05.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 6.4km
Fin tur med Sander til Storehaugen. Møtte på 13 personar og to hundar. Lokale, frå nabokommune, og frå andre land. Kjekt at fleire finn fram til denne relativt bratte stien. Kanskje nokre blir litt overraska av kva som skal til også. Imponerande at dei utan tur-klede held ut heile vegen opp :)
Molden
- Date:
- 29.05.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.3km
Tur med Sander til det fine område omkransa av toppen Molden. Skikkeleg utsiktstopp, til fjord fjell, bre, bygder og fine jordbruksområde. Her er tilrettelagt med noko steinsetting, og ruta blir mykje brukt. Ved start er det mange parkeringsplassar, asfaltert og oppmerka. Toalett og ein liten kiosk, finn ei og. Det var mange på tur her i dag, og ulike språk kunne ein høyre. Mange har med hund, og nokre hadde med sykkel. Finfin tur, og god trim.
Klantenovi 9/25
- Date:
- 24.05.2025
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 3.9km
Glitteregga
- Date:
- 17.05.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.6km
Dag to, og topp tre. No snakka me primær-faktor. Over 1000 !! Køyrde mot Hennebygda frå Stryn-sida, for å få med oss heile nordsida her oppe. Mange vakre gardar på solsida her. Fann vegen mot Randastølen, med litt gps-søk. Gjennom eit tun, så bomveg-skilt med Vipps. Bratt på grusvegen i starten opp her. Farten måtte ned grunna tillaga skrå-groper, for å halde vatn borte frå å øydelegge vegbana. Smart det. Alternativet er stor kurvatur og djupe grøfter. Gikk fint opp med Bubilen på 220 X 675. God parkering nedafør stølsområdet. Inngjerda også her. Flott støl. Må gå i gjennom stølsområdet, og så byrja stien på høgre side av elva. God sti oppover, og den er nok mykje brukt. Etter ca 250 høgdemeter flata terrenget ut, og ein kom snart inn i eit flott slette-landskap. >>>
Tua
- Date:
- 16.05.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.9km
Dagens andre tur. Køyrde opp Stigedalen, inn ved ski-anlegg, opp Fladalen til Movatnet. Her var det ein stor parkeringsplass, med vel halvdelen i inngjerda felt. Her tenkjer grunneigarane på at husdyra ikkje skal gjere skade på bilar. Fantastisk, og rimelege kr 20 for parkeringa. Tavle med omtale av turar, og sitjebenkar ved start. Skilt og raude merke ved turstart, og vidare sti heile vegen mest sannsynleg. Ja, for i øvste tredjedel av ruta var det mykje snø-heilt enno. Ein liten bom på rutevalet opp, men toppen såg ein, så ganske uproblematisk. Fantastisk utsikt også herifrå. Det er noko med toppar som har høg primær-faktor. Sjølvsagt. Sunnmørsalpar og Eidskyrkja mest markert. Brukte lit tid her, gikk ned til vesle varden, og då med utsikt til bygda Bjørke. Ganske kjapp tur >>>
Trollenykjen
- Date:
- 16.05.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 7.2km
Turhelg i Nordfjord med bubil og nokre fjelltoppar. Plan var å byrje med Daurmål i Årdal ved Breimsvatnet, med droppa det grunna usikkerhet omkring snøforholda. Då vart det Trollenykjen ved Eid. Grei rute på tydeleg sti, sett bort frå litt ved oppstart. Styrde etter raud rute på Ut-appen. opp til stølen var det svært fint å gå, m.a. i ein del furuskog. Noko meir fuktig frå stølen og vidare til toppen. Blei svært imponert av utsikta. Heilt topp !! Med snø på toppar, god luft rundt med fjord-armar, ligg det godt til rette. Krydra då også med sikt til breområde. Brukte ein halvtime her oppe, før eg delvis småsprang nedatt. Finfin start på helga.
Amlaholten 7/25
- Date:
- 12.05.2025
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 3.3km
Ny rute i dag og. Kanskje den mest effektive. Kun sti, og ikkje traktorveg her. Er nok mykje nytta til sykkel nedatt. Eg nytta føtene.