Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Årdal, Fleskedalsnosi m.fl.
- Date:
- 01.08.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 23.7km
Ny tur i Jotunheimen på andre av to feriedagar midt i veka. Nytt for meg å gå tur frå Koldedalen. Fint å gå innover, og Uranostinden er umåteleg vakker tett på. Vi gikk opp eit skar, fyrst på Skarbottnosi, så nedatt, og opp på «Fleskedalsnosi». Namnsettinga på denne er truleg feil. No har eg nytta namnet Fleskedalsnosi, fordi det er namnet som automatisk kjem opp frå Peakbook. Kartverket nyttar Skarbottsnosi, som må vere feil. Skarbottsnosi må vere 1693-toppen. Etter innspel basert på lokal kunnskap over tid, har fjellryggen namnet Fleskenosi, og då bør høgaste toppen bere namnet Fleskenostind. Greitt ned frå denne, nytt skar, og opp til Nord for Fleskedalsnosi (som burde hatt namnet Nord for Fleskenostind, eller Fleskenosi, sidan den er nest høgast, og høgast før «Tinden»). >>>
Vang, Storegut m. fl.
- Date:
- 31.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 26.4km
Fin tur med Ove på sank etter Vang-toppar. Tre i boks, som låg høgt og vide, så turen kjennest i kroppen. Vakkert er det når ein kjem litt opp i høgda. På ein slik lang tur opplever ein eufori av landskap og utsikt, men også møte med mindre koselege flankar med lausmasse. Følgde sti mot Olavsbu opp til bru. Mest utanfor sti og visuell navigasjon derifrå til dei tre toppane. Siste bratte del opp flanken mot Storegut, var svært laus. Ser at nokre har gått siste del litt lenger aust, og runda mot toppen frå sør, som kan vere like greitt. Vi kom greitt opp og ned i alle fall. Drug transport-etappe på mykje steinete sti tilbake til Eidsbugarden.
Storehaugfjellet og Storehaugen
- Date:
- 28.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 13.3km
Fellestur med Lærdal turlag. Seks personar og ein hund var med på fjelltur med to toppar i Kaupanger i dag. Plan til turlaget var den grøne utsiktstoppen Storehaugen. Laget vart med på å gå til høgaste punktet og. Storehaugfjellet med mastene og tekniske installasjonar er tre meter høgare, og har primerfaktor på heile 980 m. Flott utsikt då vi vann høgde, og kom ut på ryggen oppover. Vi valde Storehaugfjellet fyrst. Noko sur vind eit kort stykke mot toppen. Regnbygene heldt seg unna oss. Matpause ved mastene på toppen. Så retur og opp til Storehaugen, som baud på svært flott utsikt. Her var det fleire folk som hadde lagt turmålet. På turen tilbake valde vi ei anna rute som variasjon. God sti og merka også om Bjørkastølen. Kjekk dag i lag med folk på tur.
Klantenovi 8
- Date:
- 27.07.2024
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.1km
Horgehorna
- Date:
- 25.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.7km
Tur med bekjent i jobbsamanheng i dag. Valde Horgehorna frå kyrkjene på Borgund. No er det i overkant vegetert på tidleg fase av stien, men i juli månad blir det ofte slik. Stien treng noko re-merking og lett rydding også. Finare å gå etterkvart, og veldig flott når ein kjem ut av tregrensa og innover mot Øygardsbotn. Valde litt tettare på opp mot fjellet enn ved tidlegare turar. Grei rygg, og no tett og fint varda oppover denne leia. To stokker med raudmerke og. Nydeleg utsikt frå toppen. Bort til minste varden er obligatorisk, sidan det er høgaste punktet. Litt mat og skue, før retur. Valde om Øvre Liastøl for variasjon sin del, og veit at stien ned til Nedre Liastøl er rask. Prøvde oss så på stien ned mot Li. Den mista vi i det vi stod på den. Her er merkinga med raudt >>>
Vang, Øyre og Ørnenøse
- Date:
- 20.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.9km
Nydeleg tur i god varme med t-skjorte og shorts heile vegen. Valde stien mot Kljåen fram til det var naturleg å sikte inn på Sauehaugen. Bratt ned frå denne, men det var trakk/sti og greitt. Gikk vidare tett på undersida av neste haug, og kom i fin posisjon til berget, og det brattaste partiet. Opp ryggen på hyller litt att og fram til eit flatere parti med fleire tydelege renner. Klauv greitt det korte klyvepartiet, og så straks oppe. Litt stigning til, så litt ned i skar, og lett opp til Øyre. Vidare i greitt steinterreng bortetter. Gikk meg på ein reinsflokk. Litt sky var dei. Så ned i skaret, og opp til Ørnenøse. Flott utsikt på turen frå toppane og undervegs til nærfjella, og Jotunheim-veggen. Valde ruta ned mot stien frå Kjåen på retur. Det var ikkje spesielt bratt, >>>
Aurland, Stiganosi og Storebreen.
- Date:
- 13.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 25.3km
Ein fantastisk tur i dag. Var heldig å få med meg tre slekningar, etter ein open invitasjon på FB dagen før. Frå Langhuso i Underdal og inn Jonadalen. Og denne dalen hadde det meste. Fin og grei sti med stup-bratte fjell på begge sider innover. Gjel, foss, urar, gamle stølstufter på Jonadalsstølen, og innst inne i denne dalen, grønt, grøderikt, med utruleg flotte fjelltoppar. Fin oppstigning til høgfjellet, og flott å sjå alle dei fantastiske fjellområda rundt om på alle kantar. Dei som har teke dei to snarvegane til Stiganosi, særleg den fyrste, har gått glipp av indrefileen. Euforisk Einar på tur i dag. Vi er på den varda DNT-ruta mellom og Grindaflet-hytta og Langhuso. Vakker sti opp frå Jonadals-botn til høgfjellet. Frå fjellet-platået var det gode 4 km i stein >>>
Lauvkollen og Breiliflaka
- Date:
- 11.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.4km
Køyrde opp Breilivegen, kr 60 autobom, og Djupengropveien, kr 40 Vipps. Stor flat parkering. Ski-område her om vinteren, og sti-område til fotturar. Fyrst ca. ein km på grusveg, så til venstre, bak ei hytte, så traktorveg litt til, før merka sti inn til venstre. Kuppert sti i lett terreng. Blautt, og ekstra slik i nokre myrområde. Passerte fleire vatn, der stien tangerte to større av dei. I eit stikryss må ein ta til venstre.Ver obs der. Når ein kjem til ei større hytte (Sandvollen), ta til venstre rett etter hyttehjørnet. Her var også skilta. Sti-området var rett merka med blått heile vegen, og to blå ringar ved sti-kryss. Sikta på Lauvkollen når avstand viste 544 meter. Ingen sti dit. Fann ei grei rute til topps. Ingen utsikt, kun «skau». Retur mot stien att, fyrst etter >>>
Gråfjell, Ranten og Høgevard
- Date:
- 08.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 18.1km
Ferie, og ærend på Notodden i morgon. Vi køyrde opp til parkering før Gulsviksetra, og overnatta der frå søndag. Grunna regn vart avreise sett til ca. kl 10:30. Fyrst vel ein km på grusveg, før det blei sti. Gikk i eigne tankar, og gikk forbi skiltet merka Høgevarde fyrst. Merka det etter 150 m heldigvis. Grei sti oppover fjellet. Stikryss Høgevarde til hø., og Gråfjell til ve. dukka raskt opp. Fint å gå på rygg attmed elva oppover. Det flata ut, og dreia mot høgre. Sti heil til toppen, som viser seg markert til sist. Ein enorm varde oppå der. Tok med sørøst-toppen på retur. Nede ved det flatare partiet, sikta eg mot Ranten. Fint å gå på grasbakke, og låg lyng til toppen. Dette partiet, var det einaste utan sti i dag. Fint vidare. Etter litt kom ei 5 minuttars regnbyge >>>
Årdal, Mannsbergvatnet rundt med toppar
- Date:
- 03.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.9km
Køyrde opp til 1300 moh. på grei grusveg. På sti inn til fjellet, og greitt opp til toppen Vetle-Knipen. Kjem nær på Hurrungane i frå dette området. Plan var så Søre-Knipen. Men så vart det freistande å gå til Nordre-Knipen fyrst. Stort sett sti-heilt dit, fyrst på ei DNT-rute, men skrinnare sti deretter og til toppen. Meir markert topp dette. No vart det freistande å gå rundt Mannsberg-vatnet. Og slik vart det. Kanskje noko lenger enn tenkt, men fint terreng å gå i. Gikk mot instllasjonen, men såg så at det ikkje var Søre-Knipen Øst, så litt korreksjon. Men veldig grei rute eg fann opp til dette fjellet. Vidare til høgaste punktet på Søre-Knipen etter få minuttar. Gikk ikkje bort til store varden, som er 4 meter lægre. Gikk så bort på kanten for mogeleg rask retur. >>>