Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Stølhaugen

Date:
29.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.4km

Årsaka til at ein satsar å nå denne toppen, er vel ein slags ufarlig «sjukdom». Den står på «Valdres-lista» på Peakbook, så då må den med. Grusvegen mot toppen hadde terningkast 6. Den var stengt med bom (åpen), og varsel-skilt om stenging. Det er heilt greitt. Grunneigarar må sjølv bestemme. Ikkje så lang anmarsj på grusveg her, som til Skardåsen. Eg busha meg til topps. Sti innteikna var mykje attgrodd, og lettare var det å sikte på glenner, og følgje hjorte-sti. Nytta også hogst-felt. Frå toppen såg ein nesten ingenting, anna enn bar-tre.

Map    

Skardåsen

Date:
29.05.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
7.5km

Ein blir optimistisk når det er symbol «Parkering» i appen ved sti-start. Men det var stengt med bom frå siste veg-kryss mot denne. Då vart det vel 2 km gå/jogg fyrst. Men…, ein er da på tur. Fin sti, og mykje skilting til fleire stiar øvst i området. Skitrasé her, og som er tilknytt Valdres Skisenter. Svært flott utsikt frå denne toppen.

Map    

Makalaus

Date:
29.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.5km

Makalaus. Eit ord som kanskje ikkje alle kjenner tydinga av. For meg tyder det "Eineståande". Så eit eineståande eller framifrå fjell, om ein vil. Gikk frå vatnet Kvitingen. Det var skilta «Sabotør-ruta» grunna «tungtvann-aksjonen». Nokre av folka som utførde den, rømde til Sverige denne ruta. Grei sti, men behov for rydding her. Eg busha opp til skogstoppen Vest for Makalausfjellet. Nedatt frå denne på sti. Kom ned ved stølsområde Eidvasstølan. Så vidare på skogsveg, og så fin sti til topps. Godt å komme ut av skogen, og flott utsikt frå toppen av Makalausfjellet.

Map    

Kinsedalen

Date:
27.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.6km

Fin tur til to toppar i Luster kommune. Bil på ferje frå Solvorn kl. 12. Nydeleg overfart. Frå Ornes vidare ut på sørsida ca. 6 km, så bratt opp og inn Kinsedalen på grusveg. Det var laga til og skilta "Parkering" like før gards-området. Fin skogsveg knapt 2 km, så på merka sti som går over til Ornes. Kom til Nyestølen, heldt fram på sti så tett inntil fyrste topp som råd. Dette var eit godt val, og eg eg fann trakk og små skorer opp på ryggen. Flott utsikt frå varden på Kupenovi. Såg på høgdekvoter, og kom til at det burde vere mogleg å sleppe meg ned aust om vatnet. Litt bratt eit kort strekk, men ikkje vanskeleg. Hjorten hadde laga veg, og like etter vatnet var det heil sti der eg gikk skrått mot Storaskarnosi. Endra retninga der eg såg det var greitt >>>

Map    

Klantenovi 9/26

Date:
24.05.2026
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:39h
Distance:
4.0km
Map    

Koppefjellet

Date:
22.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.7km

Valde å byrje på turen frå den store rasteplassen. Tilrettelagt sti over tunell-taket, og vidare bru med dei tre bukkene bruse. Kort sti opp til tangering av bilvegen. I alt vart det 1,6 km kvar veg før eg gikk inn i terrenget til toppen sin turstart. Raud pinne her, og nokre stader opp til egga mot toppen. God sti til samme. Greitt å følgje sti opp egga til topps også, om ein følgde med. Ikkje merka her oppe. Veldig fin tur, og aldeles nydelege fjell å skue augene på i alle retningar. Ja trass overskya, men eg såg ikkje alle toppane ved Hjørundfjorden grunna dagens forhold.

Map    

Melshornet - Ørsta

Date:
21.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.2km

Sol og fint heilt til like før toppen 1. forsøk. Så kom skodda. Valde å gå opp frå andre sida då eg gikk meg på snø på det brattaste. Hadde ikkje med rett utstyr til bratt snø-felt. Fin tur på sti med ein del stein. Då eg kom nedatt ved vatnet, var skodda borte.

Map    

Amlaholten 5/26

Date:
19.05.2026
Duration:
0:45h
Distance:
3.4km

Map    

Klantenovi 8/26

Date:
17.05.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.2km

Map    

Søre Gråbrørne

Date:
10.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.9km

Fin tur saman med Sander. Sette oss ned å åt nista litt før toppen. Flott utsikt inn Lustrafjorden.

Map