Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Nautgardstinden og 6 til

Date:
24.09.2016
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
27.1km

Helg, og tur over Filefjell og Valdresflya til Randsverk. Vi var spent inn Veodalen i mørknet med ny stor bubil. Det gikk fint, sjølv om det rista godt i vaskebretta. Parkerte på ei naturleg utkøyrsle 20 meter frå vegen mot Storkroken. Ei god natts søvn, og vi vakna til ein vakker soloppgang. Takk til dette fora, hadde vi førebudd oss med kartspor til ei fin rute som Morten H. hadde nytta. Lett og fint inn Stornautgarden, og opp skardet til venstre for 1773. Lett å finne naturleg trakk i lendet. Fylgde den flotte ryggen rundt Naudgarden til Oksle. Då vi kom til stupkanten, skardet ved 1900 moh. kom dagens fyrste whaaaooo-oppleving. Heilt fantastisk å sjå. Bre, stup, morene, botn, brevatn. Utsikt til dal. Og straks kunne vi legge til sol, snø, holke og tåke. Etter ein del fotografering, >>>

Map    

Besshøe og Besseggen

Date:
15.09.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
12:00h
Distance:
27.1km

Fantastisk rundtur med start ved Bessheim kl. 8:30. Bessheim-Besshøe-Besseggen-Bessheim. Hele 27 km. Vi gikk ruta mot Glitterheim til stidele, så vest og på nordsida av Bessvatnet. Vi heldt ca. 100 høgdemeter opp frå vatnet, skrådde mot ryggen vest om Grotåe, der sjølve oppstiginga av østryggen verkeleg tek til ved ca 1520 moh. Nådde toppen etter vel 5 timar. Fantastisk utsikt i stup ned mot Nedre Russglopet. Halvtime pause her oppe. Berre å nyyyte. Vi tok nedstigninga i retning sørøst. Følgde aust om eit elveløp, og passerte over ei lita snøbru. Dreia mot vest ved 1800 moh, og kom ned på stien mellom Bjørnbøltjønnet og Bessvatn. Så bar det bortover mot Besseggen. Opp fyrste gong for min kjære, og min tredje gong. Spennande for henne. Over Veslfjell, og så på ruta mot >>>

Map    

Bermålsnosi

Date:
20.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:42h
Distance:
19.1km

Tur med litt tempo til Bermålsnosi. Bilda gikk litt bananas, men er forsøkt koda på plass att. Dette er ein fin-fin tur over fjord-landskapet i Indre Sogn.

Map    

Høgdebrotet frå Leirungsdalen

Date:
03.08.2016
Distance:
25.5km

Vi parkterte ei par km vest om Vargebakken, nett ved skiltet "Øystre slidre". Det vart difor litt lenger anmarsj enn den vanlege ruta. Fyrst over nokre myrar som var noko blaute, men merkt med to staurar. Deretter fin sti ned til brua over elva "Leirungsåe". Eit merke var det at det tok eit time og 10 min å komme så langt at vi var rett overfor bubilen (då vi runda Semmelshøe). Ca. halvanna time inn til fjellfoten og fyrste rast litt oppi, på 1299 moh. Velfortente skjever. Det var forresten eit arktig lyngparti på siste flata, der vi forsvann nedi lyngen, og med armane rett opp. Etter rasta bar det opp "Steinflybakkan" på høgre sida av hovudløpet til grova/elva. Her var det bratt. Vi heldt oss langt elvekanten, og det var pålag sti oppover. Etter kvart >>>

Map    

Hornindalsråken

Date:
29.07.2016
Distance:
17.3km

Map    

Sulafjellet - Vardane

Date:
27.07.2016
Distance:
13.5km
Map    

Kongsvollen

Date:
23.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.6km
Map    

Slogen - rundtur

Date:
21.07.2016
Distance:
16.8km

Ein vannvittig varm dag i juli, gikk vi med friskt mot frå Skylstad, nokre km aust om Øye. Opp bratt sti langs Brekkeelva. Det var bratt og det var utruleg varmt. Godt vi kunne fylle vassflaskene i grøver knytt til elva. Etter knapt to timar kom vi fram til Pachellhytta, og kunne kvile litt samt få i oss nokre brødskiver. Så var det å sikte på toppen, og etter vel 2 timar var vi på toppen av det vesle platået på nokre få kvadratmeter. Siste 50 høgdemeter var klyving og litt spennande å finne den beste ruta. Returen gikk greitt, og vi returnerte ein annan veg. Frå eit skar på omlag 1200 meter, gikk vi rett ned ein fjellrygg på grei sti. Kom ned til vegen ein km aust om Øye, og ca. 35 m.o.h. Det vart slik sett godt med høgdemeter både opp og ned denne dagen. Til sist ein god >>>

Map    

Lesten - Godøya

Date:
20.07.2016

Nydeleg rundtur på Godøya i ferien.

Map    

Godøyfjellet rundt

Date:
20.07.2016
Distance:
10.6km

Map