Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (360)
- Alpine trip (19)
- Hike (56)
- Hillwalk (219)
- Jogging (40)
Favourite peaks
Erdal - Vardahaug støl
- Date:
- 19.02.2022
- Distance:
- 19.2km
Kjøyrde til bommen, ca. 300 moh. Gikk oppover fjellvegen/snøvegen i mykje fin laussnø. Nokre skispor, og eit snøskuter-spor oppover. Svært idyllisk, og mykje snø frå Kvigno. Ved ei hytte i Sluppen var skuteren parkert, og eitt spor heldt fram til like før parkeringsplassen ved Vardahaug. Det var fin sol innover dalen. Til no 9 km, og 600 høgdemeterane. Ei god transport-etappe før rette fjellet. Plan var ein topp, Vardahaug, eller Grånosi. Men etter som eg held fram rett opp småbjørkeskogen, framleis velsigna med spor av ski (med hund), byrja det å snø tett. Nådde Vardahaug støl i total White-out. Avgjerd retur, og null topp, var då lett å ta. Forstod at det vart utfordrande å renne ned att. Av med feller, og følgde spora i svak helling, men så gikk sporet flatt bortetter, >>>
Fremre Brusestølnosi
- Date:
- 11.02.2022
- Distance:
- 3.7km
Fin ettermiddagstur med Yngve. Kraftig vind mot toppen. Kan så vidt skimte eit fjell på fyrste bilde. Var i tvil om vi hadde sikt opp. Det gikk då det løya siste 100 meter opp flanken. På toppen var det vanskeleg å stå oppreist. Klargjorde retur 30 meter nedanfor. Utruleg flott pudder-snø på køyringa nedatt. Morro inni skogen til sist.
Klantenovi 2/22
- Date:
- 06.02.2022
- Distance:
- 4.1km
Med vind i høgfjellet, sludd og uvêr i låglandet, må ein plukke den einaste toppen i nærområdet, som er rimeleg greitt tilgjengeleg.
Klantenovi
- Date:
- 23.01.2022
- Distance:
- 4.1km
Sverrestien-Klanten-Vindhella. Mildt, og ca. 10 cm blaut snø. Vindhellavegen som dessert, er alltid ein topping på denne korte turen.
Vetanosi
- Date:
- 18.12.2021
- Distance:
- 10.1km
Mildværet kom, etter ein lang kjøleg periode. Skisesongen var i gong, men no smelta snøen opp til ca 1100 moh her hjå oss. Då opna det seg for topptur til fots. Gikk ruta frå Fodnes kai mot Fagerset, men tok av umerka rute Vetanosi rett opp (står eit lite skilt langs stien). Og denne er bratt, og sug krefter. Om lag ved tregrensa var det litt snø og is i stien, og snø-kjettingar måtte på. Etter kvart møtte det meg kraftig vind pressa opp frå gjelet. Måtte på med boblejakke og sette sjø-bein innimellom. Litt forsiktigheit på det brattaste partiet. Godt når det flata ut, og eg kunne følge stien i retning mot store varden. Gikk ikkje bort til den, men skrådde 90 grader mot topp-punktet nokre hundre meter før. På toppen blæs det godt. Ca. 2 timar opp. Direkte start på returen. >>>
Toppar ved Tyin
- Date:
- 30.10.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.0km
Det opna seg eit ver-vindauge mellom regnkavane, som har dominert siste par vekene. Då vart det på nytt Valdres-jakt på toppar over 100 pmf. i Vang kommune. Terrenget over Tyin passa fint så seint på hausten. Heller vanleg at det ligg snø i høgda rundt 12 - 1500 moh. denne tida på året. På Norgekart-appen såg eg at det var sti opp frå eit mindre hyttefelt nær elva Målnesbekken. Og rett frå ein hyttevegg var det som venta sti, opp til det flata ut ved ca. 1250 moh. Fint å gå, og ikkje vier og lyng her. Det kunne ha gitt ein blaut opplevelse etter all nedbøren. Det var halvskya og ein stor del sol fyrste timen. Fint å gå her oppe. Nydeleg utsikt i alle retningar frå dette området, som har Jotunheimen mot nord. På høgaste toppane, over 2000 meter, har det komme godt med >>>
Sverrestien - Klanten
- Date:
- 16.10.2021
- Distance:
- 4.1km
Surt på toppane i dag, og snøgrensa har komme ned mot 1100 moh. Då lyt ein ta det som finst i nærområdet. Difor vart det ein lett tilgjengeleg 100 pmf. topp i Lærdal, Klantenovi, som den einaste. Slik er det når ein bur i ein av dei djupaste dalane i landet. Toppane med 100 pmf. er stort sett å finne mellom 1300 og 1900 moh. I mellom sesongane er dei ikkje så tilgjengelege. Ved Sverrestien - Vindhella-vegen, er Klanten eit unntak. Her er fint med rundtur, og ein får oppleve det vakre veganlegget med dei høge murane i tillegg til topp.
Gilafjellet
- Date:
- 09.10.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.7km
Det var meldt skya ver, men ein god varm haustdag i stølsområdet ved Syndin i Valdres. Då freista det på nytt å trille over Filefjell etter det vellukka besøket til Grindane med fleire sist helg. Denne gongen greidde eg å riste Marita laus frå systova, slik at eg hadde turfylgje. Samt ein freistnad på å syne henne noko av Valdresnaturen. Vi køyrde opp ved Ryfoss, og fann greitt fram til parkeringa mellom Nørdre og Midtre Syndin. Fin og tydeleg sti opp flanken mot fjellet. Fleire på tur oppover. For ein sogning er stigninga her veldig moderat. Lett å gå. Ein liten kneik frå sti-delet og opp, der eit skilt viste Kruk til venstre. Siste 700 meter mot toppen i grei ur. Etter skifte av kle, fann vi ut at vi skulle ta med ein liten topp til, Tangefjellet, før vi returnerte til Kruk. >>>
Smådalsfjellet
- Date:
- 02.10.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.7km
Det blei rett på ny tur, etter at eg var tilbake frå Grindane. Greitt når ein kan ta ein ny tur frå same utganspunkt som bilen er parkert. Berre å snu seg 180 grader frå førre tur, og gå i motsett retning. Og denne ruta, denne topografien, var rake motsetnad av førre. Fleire runde koller, metta med lyng, runde fine former, og ikkje berg og fjell. Men berg og fjell elles er det rundt ein på alle kantar. Min fyrste tur oppe i dette område. Har sjølvsagt sikla på desse fjella lenge. Når ein kjem køyrande austafrå og ser fjella over Vang, særleg Bergsfjellet og Grindane, ja då kan ein nesten bli relegiøs. Men dei store mektige fjella oppi terrengen over Vang, har også snille flotte runde dalføre, og det er mektig natur på alle måtar. Og så lett tilgjengeleg med bomvegane >>>
Grindane
- Date:
- 02.10.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.5km
Endeleg var det klart for tur til Grindane. Har vore på lista lenge. Men det er så mange fjell som skal opplevast. Men berre køyreturen opp frå Vang og innover her var mektig. Store vidder mellom dei svære blokkene av nokon fjell-kolossar, som er strødd rundt om. Det er alltid kjekt å komme til nye fjell, og utforske nye område. Sidan eg har fått litt gratis på Vang-lista, då eg er frå Lærdal, og vi har ein del grensefjell, så må det plukkast fleire. Turen var nydeleg. Fin oppvarming å gå kjapt innover flatene til fjellfoten. Fin sti opp til skaret, og mindre bratt en eg er vand med. Fint høgt gjerdeklyv, før ein dreia til høgre og tok tak på sjølve Grindane hovud-fjellet. Fint, og passe bratt, med gode vardar og sti. Toppen kom raskare på enn venta, 1:12 etter eg forlet >>>
