Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (360)
- Alpine trip (19)
- Hike (56)
- Hillwalk (219)
- Jogging (40)
Favourite peaks
Fødalsnosi og Nordaust for Skavlevatnet
- Date:
- 17.04.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 36.9km
Då blei det langtur, og Fødalsnosi er bestegen. Kom litt seint i gang i dag, og måtte rekne på tida undervegs. Tenkte att det blei berre Nordaust for Skavlevatnet. Og det er vaksen topp det, 1770 moh. Nådde denne etter 3:22. Det var hardt føre opp frå Bjordalsbu, og til denne toppen. Elles var det fint føre på heile turen. Klokka var ca. 16, og eg tok sjansen, og satsa på Fødalsnosi. Tenkte at eg kunne snu undervegs, viss det drog på med tid. Godt føre er viktig, elles kan tida dra på. Og eit godt val av rute, er også viktig. Turen vidare frå Bjordalsbu, var heilt ukjendt terreng for meg. Eg hadde lese meg opp på kart i førevegen sjølvsagt. Vurderte ruta stort sett ved å lese terrenget. I dag var eg både dyktig å heldig, vil eg meine. Heilt perfekt til Fødalsnosi, som >>>
Øvre Salen nordaust
- Date:
- 15.04.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:36h
- Distance:
- 7.5km
Fin-fin langfredagstur til Øvre Salen nordaust. Son Joakim og Marita var med. Fyrstnemnde med heftige gnagsår, og Marita med mykje trening frå i går i føtene. Vi gikk frå parkeringa til grunneigarane på Smeddalen. Der har slekta hytte, som far min bygde i 1955, og difor har vi koden til bommen :) Turplan var til litt over tregrensa. Så skulle vi til dagens mål, hytta nedst ved Smedalsvatnet. Men det blei topping likevel. På alle tre. Vi møtte Yngve og Vidar på veg ned, då dei var like under toppen. Holdt følgje på retur etter kvart. Det er svært mange som har oppdaga denne toppen som ein godt eigna rando-topp. Bilde viser at det var god trafikk i går og i dag. Lukka var nysnøen som kom for nokre dagar sidan, og som dekke over mange harde is-parti. Nysnøen hadde bunde seg >>>
Blåskavlen - avbrote
- Date:
- 14.04.2022
- Distance:
- 15.7km
Nydeleg dag, blå himmel,og varmt opp Soleibakkane. Gode vermeldingar. Gikk med Joakim, Sigmund og Øystein. Fyrste bildet av Fagerdalsnutane viser idyllen. Så viser andre bildet Blåskavlen med litt tåke rundt. Fem minuttar før, såg vi Blåskavlen klart med blått over. Ja så klart var det, at vi såg varden frå litt innpå Helleberg. Men tåkeskyer tjukna meir og meir, og like ved Fagerdalsnutane, valde vi å snu. Dette overraska ut frå meldingar. Men det var ein fin tur, og etter ein rast, vart det fin køyring nedover, og særleg flanken ned frå Helleberg var nydeleg. Svært varmt nede i Modlaugsbotn, der det smelta i spora. Finfin tur, men topping lyt det bli ei anna gong.
Stora Grånosi
- Date:
- 11.04.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.9km
Rando-tur med Marita frå Vardahaug. Meldt trekvart sol, men den var synleg i områda nord og aust for oss. Mange kraftige drønn i snøen i dag. Såg sjølvutløyst ras ovanfor Vardahaug støl. Ikkje mykje over 30 g i brotkant. Bestigninga opp flanken på Stora Grånosi er mest 25 -27 grader. Vi valde å gå lenger ut i retning Bjørnen, før vi gikk mot toppen litt under toppryggen. Litt slakere terreng, og så unngikk vi den brattaste flanken, med mest vind-transportert snø. Retur same, og med noko mindre morro køyring enn om vi hadde køyrt rett ned flanken. Men sikkerheit fyrst. På returen frå toppkruna var det tett skodde, med sikt ca. 10 meter. Heldt spora. Like under toppkruna, vart det på nytt grei sikt. Dimt ned att frå sjølve fjellet. Betre vidare nedover med ein del skare. >>>
Tyin - Nakkane
- Date:
- 01.04.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 26.7km
Lang og flott fjellskitur. For det meste greitt føre, sett bort frå skare innimellom, og rundt avblæsne toppar. Gikk på ei blemme i starten, då eg følgde ei flott løype som trakkemaskina hadde laga. Sikta på feil skar, og då blei det retur. Ein god halvtime og 2 km ekstra km blei det. Men morro ned den maskin-trakka bakken. 55,7 km/t på fjellski, er bra tempo :) Mot skaret var det skråbratt og isete. Tok av skia, hadde på kjetting på skoa, ca. 200 meter på føtene. Så var det ei kort stigning før fellene kunne av, og det blei fin sigling innover i retning vatna. Her er det viktig å sjå til kor ein går over, då Øyangen har opa råk. Sikta meg mot Stornakken, og fann ei fin rute med fin snø oppover. Kom opp på ein rund topp, som gjorde meg usikker om eg kom over grunna >>>
Klantenovi 3/22
- Date:
- 27.03.2022
- Distance:
- 4.1km
Isføre i dag. Snowline kjettingar er solide greier å ha rundt skosålen. Hadde ikkje komme trygt rundt utan liknande hjelpemidler i dag. God trim, og Vindhella-svingene til dessert.
Salen-toppar
- Date:
- 19.03.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 10.6km
Det var meldt lettare ver utpå dagen. Det freista med skitur, og slik blei det. Mildt ca. 3 pluss ved start 900 moh. God snø opp skogsområdet mot Synshaug. Vidare noko hardare, og til og med parti med blå-is innimellom. Fint å gå og betre snø innover, når eg var oppe nær 1400 moh. Lettkuppert bortover og over Kjerringtjørn. Fin utsikt mot Nedre Salen, absolutt ein fjelltopp. Fyrste bestigning dit. Tok av feller, og fekk ca. 600 lengde-meter renn nedatt på vatnet. Så bar det opp mot Øvre Salen. Denne toppen har få besøk, sidan den ligg bak rando-toppen nordaust for Øvre Salen. Feller av igjen i renn ned mot foten av siste topp. Rett opp her, og litt over. Så feller av, og berre kos og morro heilt nedatt. Mykje god snø i flanken under toppen, og i skogenes mot Nedre Smeddalsvatnet.
Berdalseken
- Date:
- 12.03.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 17.8km
Skitur med Lærdal turlag. Vi var 7 glade personar på tur i dag. Fleire avstod nok grunna meldingane om vind. Men vinden var fråverande på 80 % av turen. Nydeleg nede i dalane, men oppå sjølve ryggen bortover mot toppunktet var det sterk vind. Særleg siste par hundre meter, og rundt varden på toppen, var det kraftige vindkast. Sidan det var hardpakka snø, vart det ikkje noko snødrev. Ikkje det beste føre heller, men hard snø fungera greitt det. Svært avblæse på nokre stader. Særleg i partiet før skaret der ein kjem inn på flata under breen. Fleire steinar å sjå enn på tidlegare turar her oppe. Men ingen problem å komme fram. Måtte vere litt på vakt for isete parti. Eit par frå Hemsedal var med oss i dag. Trivelege folk. Svært kjekt at nye folk blir med oss på turane >>>
Suletinden frå Maristova
- Date:
- 03.03.2022
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:15h
- Distance:
- 10.7km
Spontan topptur med halv dag avspassering på jobb. Fekk med Anders og Yngve. Køyrde heilt øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Anders hadde gått i førevegen frå utkøyrsla framom Maristova, og fekk slik sett ein vesentleg lengre tur. Nydeleg sol, og det er lenge sidan. Mjuk fin snø fyrste 20 min, men vidare oppover mykje hard skare. Greitt å gå på det, med feller. Fantastisk å labbe oppover, og sjå det vanvittige fjellpanorama som opna seg. Lite dokumentasjon av hærlegheita, då batteri gikk raskt ned i dag, og på toppen vart det stopp for telefon. Fekk sporlogg av Polar-klokka, noko som var greitt. På retur kosa vi oss med rennet, sjølv om den fyrste delen hadde hardpakka snø og noko is. Litt anna rute nedatt. Anders følgde noko av returen, men ville ta rute litt som opp, >>>
Filefjell - Suletinden avbrote
- Date:
- 26.02.2022
- Distance:
- 20.6km
Skitur med håp om topping, og fine svingar med randonee på retur. Den muligheita blåste bort. Men det var god trim, og ein grei tur-opplevelse.
