Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Røgjin

Date:
29.10.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
3.9km

I dag blei det topp-turar i Hemsedal. Tre toppar frå tre turar denne gongen. Køyrde Holdeskardvegen frå skianlegget i Hemsedal. Turen til Røgjin var på tydeleg sti merka etter DNT-standard. Fint å gå i jamn stigning. Noko vind i dag, og på toppen måtte eg setje sjøbein, for å ikkje blåse "i venda". Det var meldt opp til 24 i kasta, så eg var førebudd. Men det meste av ruta var i ly for vinden, sett bort frå siste par hundre meter mot toppen. Fin utsikt til Hemsedal sentrum og skianlegga. Flott skue mot snøkledde Reinskarvet. Fekk oversikt over andre 100 pmf. toppar rundt om. Det blir nok fleire turar til området her.

Map    

Amlaholten

Date:
23.10.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.9km

Lett tur i nabobygda med Marita. Lett regn i dag, men fint å gå tur i skogen. På skogsveg i moderat stigning opp i terrenget. Over på sti, og bratt siste del opp til toppen. Ser Bleia og ut fjorden, men tett skogskledd også på toppen. Fin sti vidare nedatt. Ruta er ein finfin rundtur.

Map    

Mastrehaugfjellet og Brennfjellet.

Date:
22.10.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
8.3km

Lågfjellstur i nabokommunen i dag. Personleg definisjon frå ein indresogning :) Har fleire gonger tenkt på denne turen til fjord-utsikt med utgangspunkt frå Seimsåsen. Her var det fleire merka fottur-ruter frå åsen. Gikk i retning Biskaholten. Følgde sti litt forbi, og sikta meg inn på fjellet med raud nål og 100 pmf. Greitt terreng hit. Så var det framleis utanom sti til eg kom innatt på merka sti mot grillhytta og utsikta ved Brennfjellet. Nydeleg utsikt herifrå, særleg mot Vikadalen og ut fjorden. Gikk ikkje heilt ut til Paradisjuvet i dag. På returen var eg oppom grøn nål, Brennfjellet, og så sti på returen. Ein liten snarveg på slutten. Fin tur i lett terreng.

Map    

Skinarfjellet og Solvornnipa frå Barsnes

Date:
15.10.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
17.3km

Held fram med nokre toppar i Sogndal. Køyrde til Barsnes, med von om å kunne parkere ved sti-start. Møtte forbud-skilt ved Barsnes. Køyrde tilbake ca. 400 m, og parkere ved sjøen like før Barnses-bakken. Turen vart slik i alt 4,2 km lenger enn planlagt. Med lite mat vart det tøft siste motbakken. Rusla innover og følgde sti som er merka S1. Denne etappa går frå Sogndal til Solvorn. Det var svært blautt til å byrje med. Gikk vesentleg i ei grov. Etter kvart betre. Fint ved stølen Dal 400 moh. Då eg nærma meg, og såg bort til Helgasete (600 moh.), bestemte eg meg for å gå utanom, stien og gå direkte til toppen av Skinarfjellet. Det var sjølvsagt anstrengande i bratta oppover, men noko eg ikkje angra på. Ei avveksling, og ei fin rute samla sett. Siste 50 høgdemetarane i nysnø. >>>

Map    

Klantenovi 10

Date:
09.10.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.4km

Oktober-turen til Klantenovi. Denne gong ei litt lengre rute. Marita var med, og vi kosa oss på tur i natur med vakre haustfargar. Ruta frå posten ved Sverrestien, vidare forbi garden Tråve, og til kyrkjene, er veldig fin no. Kyrkjevegen oppatt mot Vindhellavegen. Tur og ruter i området her, i relativt lett terreng, kan varierast etter, form, lyst og humør.

Map    

Slakkafjellet

Date:
08.10.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.8km

Snøen kryp nedover. Difor på leit etter lægre topp, enn kva vi finn heime. Valet fall på tur til Sogndal og Slakkafjellet. Grei tur, men eg bomma litt med tanke på veret. Sola kom fram siste kvarteret på tur nedatt. Det var svært blaut i terrenget. Noko av ruta gikk på brei solid skogsveg, men mest på sti. Det blæs på toppen, svak sikt, og kjapp stopp der. Ei raud nål til i beltet og god trim blei det. Har korrigert avstand etter Polar-klokka. Eg gløymde å søkje opp posisjon ved start av Peakbook-appen. Då blir det fly-stripe.

Map    

Kamben

Date:
02.10.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
1.9km

På Moakamben er det dagsturhytte. Sidan vi har plukka med oss slike på turar rundt om i fylket, måtte vi sjølvsagt også besøke nabokommunen Årdal. Ja dette vart nr. 25, og kun Eikjabu i Luster, står att. Moakamben er også ein 100 pmf. topp. Så då vart det ei raud nål på Årdal-lista også. Må besøkte fleire toppar i Årdal dei kommande åra.

Map    

Gråbrør og Jakobdalsholten

Date:
29.09.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
10.3km

Nydeleg ver, som berre måtte nyttast i naturen. 45 min. avspassering, kjapp matbit, og ferja Fodnes-Mannheller. Parkerte oppå tunnellen, i retning Festingedalen. Tok til i rask gange på fin skogsveg opp og innover mot Svartahol. Sola kom fram mellom furtrea innimellom. Der vegen slutta gikk eg rett inn i terrenget, men kom inn på ein sti etter ca. 100 meter. Den følgde eg nesten heilt opp til Søre Gråbrørne. Hadde vore eit betre val og følgt den heilt fram. Flott utsikt og idyllisk stad. Ganske bratt vidare ned, men kjapt opp til Nordre Gråbrørne. Vidare nedatt frå denne var det nesten litt utfordrande, men eg fann da hyller og ei rute. Ikkje farleg. Bratt også opp frå skaret etter denne. Vidare var det lett. Men ein går i terreng heile tida, og må vere obs. Særleg sidan eg >>>

Map    

Stølsnøse

Date:
25.09.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.1km

Dagens topptur nr. 2. Parkerte ved fyrste sving etter krysset mot Årdal. Godt merka sti oppover fjellryggen. Her er det bratt, med innslag av små-luftig. Ruta er trygg, men ein skal vere varsam ved eit par klyvepunkt. Spesielt på returen. Fin utsikt frå toppen. Har gått denne frå litt nedanfor Tyin-vatnet ei gong. Heller ikkje denne toppen har eg besøkt med ski. Det må bli ei gong.

Map    

Skørsnøse

Date:
25.09.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.1km

Dagens topptur nr. 1. Køyrde til Grihamarstølen på Filefjell. Følgde god og merka sti heilt til toppen. Fyrste gong eg går denne ruta. Har besøkt toppen frå Nystova ei gong. Har også tilgode skitur hit. Det må bli samme ruta herifrå på Randonee.

Map