Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Amlaholten
- Date:
- 23.02.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.9km
Tur med Sander i dag. Godt og mildt, og snø og is har smelta.
Botnanosi
- Date:
- 21.02.2025
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 9.1km
Andre forsøk på Botnanosi lukkast. 25. november 2023 prøvde eg meg med truger, men feilvurderte snømengda. Kom då til Åsete etter strev i djup-snø. I dag var det nok mindre snø, men satsa på kombo med truger til Åsete og Rando vidare. Det fungerte. Kram snø festa seg på trugene. Eit slit. Fint ved Åsete. Litt usikkert vèr. Veldig mildt då eg la avgarde på ski. Snøen klabba under fellene, og det var tungt oppgover. Men i dag skulle eg opp. Like før Lægdenosi kom sola, og følgde med innimellom. Då vart det kjekkare. Kaldare og betre føre også då eg passerte ca. 1200 moh. Lettare føre frå Lægdenosi til Botnanosi. Oppe ca. kl. 13:35. Her vart det to skjever og te. Sola kom og gikk, så eg fekk litt usikt. Men mot stortoppane var det mørkare. Kun eit glimt av Austanbotn-toppar. >>>
Børrenøse
- Date:
- 02.02.2025
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 4.0km
Fyrste på Randonee denne sesongen. Følgde ein del av alpintløypa. Svært isete nokre plassar. Alt for lite snø.
Klantenovi 1/25
- Date:
- 31.01.2025
- Distance:
- 4.0km
Fyrste tur til Klantenovi i år. Lite snø. Behov for snøkjetting grunna isete parti.
Ski Filefjell #2
- Date:
- 11.01.2025
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 13.9km
Langrennstur på kalde Filefjell denne helga og. Temp var nede i minus 22, så det var godt å ha maske framfor ansiktet. Passe med kled, og fin tur i greie skiløyper. Eg var litt for seint ute til å få solstrålar.
Ski Filefjell
- Date:
- 01.01.2025
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 13.9km
Då blir det unntak i år, frå prinsippet eg har halde meg til her. At berre turar som gir grøn eller raud topp skal registrerast på Peakbook. Tek med andre turar i naturen innimellom. Ikkje alt, og t.d. ikkje bordtennis-trening ;)
I dag blei det min fyrste skitur denne sesongen. Lite snø, og eit bittelite uhell i starten. I det eg skulle over ei lita grov med noko is på ved Kyrkjesølen, pluppa eg uti med eine skia. Kan seie at isinga var omfattande, og gliden dårleg fyrst halvtimen. Fekk av ein del is etter to forsøk. Gliden kom seg gradvis. Fin-fin skitur i klårt vèr.
Ved runding Otrøvatn, fekk Suletinden ein fin glød av sola, som fekk hjelp av ei lita godvèr-sky. For tidleg med Randonè eller fjellski enno. Det viste -20 ute då turen var ferdig litt før kl. 16.