Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Klantenovi 2/25

Datum:
01.03.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
2,9km

Ny rute til Klantenovi, for min del. Variasjon kan vere greitt. Men denne ruta er ca. 1 km kortare, og med knapt 100 færre høgdemeter. Trur nok det framleis blir mest frå Rimskiold og Husum-sida. Rund-turen via Sverrestien og Vindhellavegen som eg pleier å gå, likar eg nok best.

Karte    

Amlaholten

Datum:
23.02.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,9km

Tur med Sander i dag. Godt og mildt, og snø og is har smelta.

Karte    

Botnanosi

Datum:
21.02.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,1km

Andre forsøk på Botnanosi lukkast. 25. november 2023 prøvde eg meg med truger, men feilvurderte snømengda. Kom då til Åsete etter strev i djup-snø. I dag var det nok mindre snø, men satsa på kombo med truger til Åsete og Rando vidare. Det fungerte. Kram snø festa seg på trugene. Eit slit. Fint ved Åsete. Litt usikkert vèr. Veldig mildt då eg la avgarde på ski. Snøen klabba under fellene, og det var tungt oppgover. Men i dag skulle eg opp. Like før Lægdenosi kom sola, og følgde med innimellom. Då vart det kjekkare. Kaldare og betre føre også då eg passerte ca. 1200 moh. Lettare føre frå Lægdenosi til Botnanosi. Oppe ca. kl. 13:35. Her vart det to skjever og te. Sola kom og gikk, så eg fekk litt usikt. Men mot stortoppane var det mørkare. Kun eit glimt av Austanbotn-toppar. >>>

Karte    

Børrenøse

Datum:
02.02.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
4,0km

Fyrste på Randonee denne sesongen. Følgde ein del av alpintløypa. Svært isete nokre plassar. Alt for lite snø.

Karte    

Klantenovi 1/25

Datum:
31.01.2025
Entfernung:
4,0km

Fyrste tur til Klantenovi i år. Lite snø. Behov for snøkjetting grunna isete parti.

Karte    

Ski Filefjell #2

Datum:
11.01.2025
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
13,9km

Langrennstur på kalde Filefjell denne helga og. Temp var nede i minus 22, så det var godt å ha maske framfor ansiktet. Passe med kled, og fin tur i greie skiløyper. Eg var litt for seint ute til å få solstrålar.

Karte    

Ski Filefjell

Datum:
01.01.2025
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
13,9km

Då blir det unntak i år, frå prinsippet eg har halde meg til her. At berre turar som gir grøn eller raud topp skal registrerast på Peakbook. Tek med andre turar i naturen innimellom. Ikkje alt, og t.d. ikkje bordtennis-trening ;) I dag blei det min fyrste skitur denne sesongen. Lite snø, og eit bittelite uhell i starten. I det eg skulle over ei lita grov med noko is på ved Kyrkjesølen, pluppa eg uti med eine skia. Kan seie at isinga var omfattande, og gliden dårleg fyrst halvtimen. Fekk av ein del is etter to forsøk. Gliden kom seg gradvis. Fin-fin skitur i klårt vèr. Ved runding Otrøvatn, fekk Suletinden ein fin glød av sola, som fekk hjelp av ei lita godvèr-sky. For tidleg med Randonè eller fjellski enno. Det viste -20 ute då turen var ferdig litt før kl. 16.

Karte