Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (337)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (209)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Hamlagrø - Mykkeltveitveten
- Date:
- 17.02.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 20.1km
Meldte meg på ein fjellski-tur med Voss Utferdslag. Etter ein lang periode med drittvèr og lite skiturar i fjellet, dukka denne opp på nye DNT-sida. Ja-ja, kvifor ikkje treffe nye folk, og gå skitur i nytt terreng ? Det vart ein veldig fin opplevelse. Møtte to tur-vertar ved Park hotell på Voss. Vaksne damer. Det viste seg at Kjersti og Bente hadde god kontroll på gruppa, mykje kunnskap, stålkondis og gode skiferdigheiter. Starta ved Nordre Hamlagrø litt over kl. 10. Fin maskinkøyrt trasè fyrste km innover, så meir lettkuppert, før eit bratt opptak. Det hadde regna i går, og frose på att i natt. Så skiføre var skare, med litt gjennomslag. Vidare litt nedover, så litt opp, og nokre lange flater med svakt nedover, før det bar bratt ned mot Lonaselet. Her vart det ein god >>>
Klantenovi 4
- Date:
- 04.02.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Distance:
- 4.2km
Tungt i dag. 40 cm nysnø. Blæs opp på toppen, slik at retur var meir freistande enn rundtur via Vindhellavegen.
Mollandsmarki
- Date:
- 28.01.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Distance:
- 3.8km
Trugetur frå Mollandsmarki (Resaland). Valde Bondehaug fyrst, sidan det var lengst, og med mest stigning. Landskapet var meir kuppert enn forventa. Fyrst over jordet, og her hadde det vore ein del leik med snøskuter. Etter eit par steg, forstod eg at det vart ein strevsam tur. Snøen var veldig blaut, laus og djup. Det hjalp å følgje snøskuter-spora dei fyrste få hundre meterane. Så bratt opp, og inn i skogen. Prøvde å følgje glenner med jamn stigning. Opp og fram kom vi. Det tok i overkant av ein time før vi var på toppen. På toppen var det noko utsikt, og sola kika fram. Koseleg. Nedatt gikk det sjølvsagt mykje lettare, med gode trugespor. Halvtimen nedatt til vegen. Vi bestemde oss for å ta med Storehaug og, når vi fyrst var her. Litt seint på dagen, men det skulle da halde. >>>
Klantenovi 12
- Date:
- 23.12.2023
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.1km
Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.
Botnanosi ? Nei, men Åsete
- Date:
- 25.11.2023
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Distance:
- 2.4km
Var i tvil i dag. Om tur eller ikkje. Botnanosi var målet, og snøforholda var eg usikker på. Køyrde til skihytta, og byrja optimistisk med snøkjetting. Oii, det var det såpass med snø ja ? Etter nokre hundre lengdemeter, vart det på med nye truger. Tubbs flex vrt 25. Desse har stegjern på sidene langsmed. Gikk fint oppover då det var rando-spor i stien. Fint ei stund, med ca. 20 - 30 cm snø. Etter kvart vart det slutt på skispor-hjelp, og snømengda auka kraftig på. Så eg trakka 30-50 cm ned for kvart steg ei tid, auka til 40 - 60 cm i øvste partiet. Når eg såg at snittfarten oppover hadde gått ned frå 0,9 til 0,8 km/t, vurderte eg å snu. Måtte stoppe innimellom, noko eg ikkje pleier. Gikk så over til å gå i slow-motion, og det gikk oppover. Det var no idyllisk og >>>