Archive - Date
Archive - Activity
- Climbing (1)
- Ski trip (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (11)
- Hillwalk (7)
- Jogging (3)
- Walk (1)
Favourite trips
Favourite peaks
Skåla, Molde
- Date:
- 19.06.2019
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 32.9km
Stod på Sunndalsøkra kl. 1430 og flyet gjekk 1820. Var det mogleg å rekke Skåla før dette? Hadde gjort forarbeidet(lest kart og tid og steike vafler i sekken) så gjorde eit forsøk. Var framme etter å ha Vippsa i bommen klar for start 1540 med litt trøkk i pedalen. Kroppen var framleis kald, men måtte halde bra tempo frå start for å kunne rekke det. Jogga på, etterkvart i rask gange før Trollvatnet og oppover bratte egga. Litt av og på med stier og tråkk, men ein fin enkelt vegen opp. Lita feilnavigering rett før toppen då ein reddhare stod og såg med lange ører mot meg, men tapte ikkje mykje tid. 1t 04 på toppen. Kjappe bilete og banning at det ikkje var meir tid å hente her (vindstille og varmt) og rett ned att same vegen som eg kom. Lita betenning i akkiles, smerte i knea, >>>
Halti, Finland og Raisduottarhaldi, Nordreisa
- Date:
- 26.02.2019
Andy Rod: Ruskete verhelg med faretrekantar av alle slag på Yr.no, men vi drog opp uansett søndag 24.02 og landa til holkeføre pg +1 grad på Sør-Kjosen flyplass. Overnatta på Henriksen Gjestestue, ein finfin plass med bar, god seng, kjekt vertskap og wifi og det ein treng. Avtalt med Stein Roger på Reisa Bilsenter om skyss ned dalen og låne av 2 skutre i 2 dagar. Så måndag morgon etter innkjøp av mat bar det nedover Reisadalen, her var det heldigvis vinter og snø. Litt forbi Sappen var skutrane klare, eg var rusten og T-mode had aldri køyrd før, men la gå. Vi fekk slede med til bagar og ski, det var lurt. Hadde kart og sporing++ med om turen til finskegrensa skulle gå dårleg. 1,5 timar seinare og mykje moro skuterkøyring langs stikka løype såg vi Somashytta vest for løypa. >>>
Gitvola, Løten
- Date:
- 08.02.2019
- Distance:
- 13.1km
På dåpstur til Trysil peika dette seg ut som ein handterbar topp,tidsmessig.
Etter å ha "mikka" seg gjennom alle rundkøyringar og eksotiske variantar GPS'en ikkje forstod (frå Gjøvik) noko av fann vi traséen til Gåsbu skisenter og vidare innover på nybrøytte skogsbilvegar til rett forbi Brummundsætra der det er god parkering og start på flott skiløype.
Snøen hang tjukt på trærne og lyset var lavt med sol og blå himmel, ein eventyrdag med ca. -7 grader. Etter ca 3 km såg vi løypa mot toppen, ikkje merka og ikkje køyrd opp etter siste snøfall, så vi sklei ned til staden Gitvola i staden og sjekka ut om det var OK å gå frå der. Med joggepinnar på beina og ein halv meter nysnø vart det forkasta så vi gjekk opp att til avstikkaren og fulgte merka løype mot toppen. >>>