Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Bjørlykkjehornet, Sande(Vanylven)

Date:
27.07.2017
Distance:
7.2km

Etter Hornindalsrokken i går unna me oss natt på hotell i Eid og god frukost. Dernest gjekk turen til Vanylven kor "Kommunetoppanes far" (og snart ekte far), Frode, hadde lova gaida tur til gamle kommunetoppen i Sande. Me køyrde opp bomvegen, fekk sjå hytta til Frode og co. og parkerte på platået der ny grusveg no er laga vidare sørover. Starten var i sol nordover mot og over Heida før me svinga austover opp til bratta før Bjørlykkehornet. Utsikten var god nord og aust mot havgapet og fjordarmane og oppdrettsanlegg. Etter kvert kom me opp etter ein god time og fekk sett på gildet før skodda kom saman med regnet. Ein treng ikkje høgare for å sjå langt. Ned at prøvde eg meg på rett på vegvalet over myrane, mens dei andre gjekk rundt. Det gjekk 5 minutt fortare med meg >>>

Map    

Hornindalsrokken, Hornindal

Date:
26.07.2017
Distance:
13.2km

Etter storflaum i Utvik natt til 24. juli, var det gravemaskinar og forsikringsfolk som stod for innsatsen og i litt frustrasjon for me til slutt til fjells. Me fekk med oss KH og PK og køyre til Hornindal og parkeringsplassen ved hovudvegen. Så var det å flytte alt over i ein bil og køyre usle 1 km framover på bomveg, litt unødig. Parkerte her, såvidt plass, og rusla oppover til setra og vidare innover. Ein lokal bonde meinte det var fare for steinsprang inn dalen, men vegetasjon og alder tyda ikkje på dette. Solskinn og fin og smalen koste seg innover dalen med oss. Dårlege vitsar satt lausare og lausare. Me brukte ein god time til foten av bratta og oppe i lia møtte me på ein kar med cerebral parese på veg ned. Dei hadde telta ved foten og gått opp på morgonkvisten. Respekt. Me >>>

Map    

Blåskavlen, Aurland

Date:
12.07.2017
Distance:
10.6km

På veg heim frå kundeoppdrag i Sunndal var planen ein topp i Rondane, men dårlig ver her leda ein vestover. Overnatta ved Ryfoss og køyre 2 timar via Lærdal opp Aurlandsfjellet før stopp nord for Hornsvatnet, lett å finne parkering. Var planen å springe via Høgåsen P-plass for lenger og finare tur, men veret skulle verte dårligare, og eg byrja å renne tom for tid så vart kjappaste trasé (dette er i eplehage, så kjem attende her). Var også planen å springe heile ruta, men turen til LitjKalkinn 2 dagar før hadde forsura lår og leggar noko kraftig så vart dels labbing i bratta i starten før ein kunne jobbe på bortover breen (ingen sprekkar, ingen fareteikn). Var tåke i øvste del så måtte bruke kompasset ein del på slutten for å trygge inngang. Kom opp etter 1t 13min i >>>

Map    

Litlkalkinn, Sunndal

Date:
10.07.2017
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.0km

Gode stier, mektig utsikt

Map