Hedmarstriangelet (31.07.2018)
Ascents | Dansaren (1,010m) | 31.07.2018 10:24 |
---|---|---|
Tuva (1,090m) | 31.07.2018 11:12 | |
Sørøst for Hemmelkampen (1,057m) | 31.07.2018 12:17 | |
Øst for Kroksjøhøgda (931m) | 31.07.2018 13:19 |
Frå Valdres kom vi litt seint via Spåtinn så vi bestemte oss å overnatte på Åkersætra i staden for Dnt sin flett nye Øyunghytta som hadde innebært telt og styr opp på kvelden (den var booka) og litt ekstra omveg. Det var eit sjakktrekk! Ingen var på Åkersætra, men vi foretrakk teltet i staden for hytta til overnattinga. Her opplevde vi eit sirkus av ein elgleik med kraftig rauting og baluba i 2-3timar, rett utanfor teltet. Vi frykta ein stund for besøk. Anbefalt oppleving i dei Hedmarkske skogar.
Vi drog så opp til PBE – parkering ved Øyungen hyttefelt og parkerte her og vandra opp grusvegen og inn på sti. Det var unødig, her var det berre å køyre opp til hyttefeltet og mange gode parkeringsplassar her. Vi valgte triangelet via Tuva først for å få god oversikt over heile runden og ein god start. Det var ein lett og fin sti med ein god del «gravmose» på vegen. Ein fugl i kvitt, svart og grått viste seg også, noko vi konkluderte med var ein heilo med sin sørgmodige lyd. Litt vind på toppen, men vi tok litt niste og haldt fram utan sti austover mot Himmelkampen. Det var kryssing av eit par småekle elvefar her, men godt med multemark hjalp på. Bevisst kika vi ikkje på kartet på gps og orienterte etter sansane og sola. Oppstigningspunktet var litt nord for 1061moh, då var det greitt med app’en for å vere trygg kor vi var. Vi bygde litt på varden og satt kursen mot siste topp, høgste i Hamar kommune. Det var litt sti av-og-på nedover, men etterkvert på myrene var det berre å halde kurs sør-søraust langs Svartkampen og inn mot Kroksjøhøgda. Litt feilnavigering og mistforståing av markering «inne i ringen», ikkje bra av ein såkalla o-løpar. M uttrykte fruststrasjon over denne meiningslause toppen midt på eit berg. Ho trengte sikkert meir multe…
Vi labba så att på god sti i varmt ver og med lite væske i terrenget til hyttefeltet og etter kvert bilen. Vi måtte ikkje ein kjeft på turen. No gjekk turen til Moss for vennebesøk, svenskehandel og ein tøysete kommunetopp.
VarmtTotaltid: 5t 23min
Dagens tips! Elgleik ved Åkersætra og noko å plukke multer i når det er sesong.
Dagens dyr! Elg, lemen og Heilo
User comments