Svartåsen (02.06.2006)
Ascents | Svartåsen (361m) | 02.06.2006 |
---|
På sykkeltur frå Oslo kom den lette kroppen min til kort mot Erling sitt godstog. Mogleg det hadde noko med teknikk og sykkel å gjere også...
Parkerte ved Losby Gods og vandra mot riktig ås. Eit kratt av ein ås med baksing til toppunktet, men slikt er jo småkjekt, det er viktig å herdast litt for dei fine dagane.
Kort tid opp og ned, ingen minneverdige dyr (eller varde). lett trimtur.
User comments