Kveldstur til Orkja -Refleksjoner til ei forskningsoppgåve! (29.10.2025)


Start point Dvergsdal (440m)
Endpoint Dvergsdalen (440m)
Distance 3.3km
Vertical meters 504m
Map
Ascents Orkja (948m) 29.10.2025

Etter jobb i godveret var det kjekt å treffe igjen ei dame som forska på nedbygging av natur!
Eg og Brit Siv hadde vore i Sogndal kvelden i forkant på Workshop med den lokale gruppa der som jobber med naturvern og friluftsliv. Der helste vi også på ho som skulle skrive ei forskningsoppgåve;
Nedbygging bit for bit med den planlagte gondolen i Kjøsnesfjorden/Jølster som ei overordna overskrift i forskningsoppgåva. To timer ilag gjekk fort i ein veldig interessant samtale om desse temaer i eit vidt spekter. Blir spennande å høyre resultatet av forskningsoppgåva når den ein dag blir ferdig.
Etter mange tanker og refleksjoner var det uendelig nydelig å ta kveldstur i mørkninga oppom Orkja på veg heim.
Kaldt og ein klar kveldshimmel med måne og etterkvart nordlys.
Så fint det er å nyte stilla og skru på hodelykta i kveldsmørket på retur.
https://www.youtube.com/results?search_query=where+do+you+think+you%27re+going+dire+straits

Så stille og vakkert ved Kjøsnesfjorden inn mot Tverrfjellet og til den tenkte gondolen
Så stille og vakkert ved Kjøsnesfjorden inn mot Tverrfjellet og til den tenkte gondolen
Stille og fint på Orkja med ein vakker måne
Stille og fint på Orkja med ein vakker måne
Solnedgangen er vakker ifrå Orkja
Solnedgangen er vakker ifrå Orkja
Lysa ifrå Skei
Lysa ifrå Skei
Måne ved Grovabreen
Måne ved Grovabreen
Nordlyset følger heim ifrå fjelltur!❤️
Nordlyset følger heim ifrå fjelltur!❤️

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.