Kveldstur til Orkja -Refleksjoner til ei forskningsoppgåve! (29.10.2025)
| Besteigungen | Orkja (948m) | 29.10.2025 |
|---|
Etter jobb i godveret var det kjekt å treffe igjen ei dame som forska på nedbygging av natur!
Eg og Brit Siv hadde vore i Sogndal kvelden i forkant på Workshop med den lokale gruppa der som jobber med naturvern og friluftsliv. Der helste vi også på ho som skulle skrive ei forskningsoppgåve;
Nedbygging bit for bit med den planlagte gondolen i Kjøsnesfjorden/Jølster som ei overordna overskrift i forskningsoppgåva. To timer ilag gjekk fort i ein veldig interessant samtale om desse temaer i eit vidt spekter. Blir spennande å høyre resultatet av forskningsoppgåva når den ein dag blir ferdig.
Etter mange tanker og refleksjoner var det uendelig nydelig å ta kveldstur i mørkninga oppom Orkja på veg heim.
Kaldt og ein klar kveldshimmel med måne og etterkvart nordlys.
Så fint det er å nyte stilla og skru på hodelykta i kveldsmørket på retur.
https://www.youtube.com/results?search_query=where+do+you+think+you%27re+going+dire+straits









Benutzerkommentare