Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Turens siste

Date:
29.10.2014

Siste tur i dette trønderraidet. Kom frå Hitra. Vêret hadde snudd. Det meste av turen hadde eg hatt vindstille og sol, men regnet som hadde byrja så smått på Hitra, hadde verkeleg sett inn. Særs lite freistande å krabbe seg ut av bilen, men ruta stod klart i hovudet etter turen til Omnsfjellet dagen føre, så det var berre å skride til verket. Starta turen like etter brua nede i Vutudalen og følgde dalen innover, men ikkje så langt som til Tverrelva. Tok opp skråninga og kjende sterkt på at eg var grundig lei av å krafse meg oppetter småbratte skråningar med lyng for å nå ein topp!!! Godt mogleg det er naturleg når ein har gjort unna vel 300 kommunetoppar... Hadde det ikkje vore så korte dagar nett no, hadde eg nok vald å ta toppen frå den andre sida. Ser det er noko >>>

Map    

Vindstille

Date:
29.10.2014

Endå ein vindstille, snøfri dag! Fann traktorvegen like før Kvammen og traska denne dei 6 km inn mot foten av Mørkdalstuva. Traktorvegen er lagd av torva han går over, og denne dagen var torva ganske våt. Det kjendes mest ut som å vere på glattisen fordi føtene heile tida gjekk litt ned og sklei litt rundt. Det vart mest s eg hoppa frå tuve til tuve alle kilometrane innover. Men likevel: All ære til han - for eg trur det er ein han - som har laga vegen! Trur eg hadde kjent meg ganske motlaus etter ei stund over den evig lange myra... Men turen var flott med haustfargar, regnbogar og -byger som kom og gjekk, glitrande småvatn og faktisk ein riktig så kvit hare! Ein vestlending kunne like seg her :-) Fann ingen sti mot toppen - lette ikkje heller - men høgda er overkommeleg og toppen >>>

Map    

Besselvassheia

Date:
28.10.2014

Følgde rapportane til Anders og Bberg og køyrde forbi Flatval. Svinga bilen inn ved turmerkinga mot Stutvassdalen og parkerte ved den første grinda. Den mintgrøne kommoden som er beskriven av Bberg, har nok havna på loppis, for han var ikkje å sjå ;-) Her var det berre å følgje grusvegen gjennom nokre grinder og forbi Grasdalsvatnet på høgre hand. Flott skilting der ein skal ta av frå vegen og vidare god opp og ned knausar og over nokre myrer til ein er på Frøyas formidable 76 moh! Fin tur. Eg koste meg. Tidleg mørkt på denne tida av året, så eg var igrunnen nøgd med dagens to kommunetoppar - Omnsfjellet og Besselvassheia. Tok inn på Frøya hotell. Det vart både forrett og hovudrett. Spesielt god mat.

Map    

Kjedeleg topp

Date:
28.10.2014

Har sjølvsagt ingen rett til å klage, for det er ikkje få som har anbefalt dette som skitopp, men eg syntest det var ein langdryg og kjedeleg tur. Godt mogleg dette var eit utslag av at det var tredje dagen på tur, og at myrene difor kjendes uendeleg tunge ut. Parkerte min lille raude på vegskuldra ved Strypen og gjekk i meir eller mindre rett line mot Lillegråurda og derifrå langs ryggen til topps. Strålande haustvêr og flotte vardar var godt etter strevinga opp myrene og fjellsida. Etter planen hadde eg tenkt å ta Gråurda i same slengen, men fann ut at eg heller skulle satse på å kome meg til Frøya før mørket kom og ta toppen der. Rutevalet opp til Gråurda vart imidlertid klart for meg - og det fekk eg jo nytte av seinare. Ned igjen frå toppen langs same linje som opp. Fann >>>

Map    

Snøfritt i slutten av oktober

Date:
27.10.2014

Ettersom snøen enno ikkje hadde lagt seg i trøndelag, var det fristande å ta nokre toppar medan eg var i området. Litt tung i kroppen etter gårsdagens tur til Smisettnebba og påfølgande 80-årskalas med kakebord ein ikkje ser makan til anna enn på Oppdal, vende eg nasen mot Hemne. Eg starta som fleire før meg, frå parkeringsplassen på Søylia. Fekk triveleg følgje tur-retur toppen av ein annan som heller ikkje hadde vore til topps før. Vi tok det heilsikre rutevalet opp langs stikkene, men ei meir rett line mot parkeringa ned igjen. Vindstille og sol og ein formidabel utsikt mot Trollheimen, heilt fritt for snø. Toppen er godt overkommeleg for familiar med barn.

Map    

I vind og blest

Date:
26.10.2014

Ein 80-årsdag på Oppdal gav også moglegheit for litt fysisk aktivitet. Heldigvis hadde eg ikkje vore inne på yr.no og lest kva dei skreiv om vêret, for då hadde det nok ikkje blitt tur på meg! Måtte stoppe og spørje etter riktig avkøyring og fekk åtvaring om ikkje å blåse av toppen. Og blåse gjorde det! Grei sti oppetter lia, og vinden kjendes ikkje så mykje her. Toppen gav seg sjølv, og her kjendes vindkasta ganske så godt. Og jammen begynte det ikkje å regne også! Det vart ein kort fotoseanse før eg hutra ned igjen og vende nasen mot Oppdal og kakefata.

Map