Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Raudmerking heilt opp

Date:
02.09.2014

Av ein eller annan grunn har eg kjørt forbi denne toppen gong etter gong, men no skulle han takast. Med mobs både bil og gps, og ein masse positiv omtale av toppen frå både sea og mob, var det berre å få det gjort. Tok av frå E6 inn mot Kvernmo og held meg mot høgre ved alle vegvalg. Endte opp på ein parkeringsplass noko unna revefarmen og beina opp engene og vidare gjennom bjørkeskogen til eg fann stien like v tregrensa. Sikkert ikkje det luraste vegvalet, men ikkje fullgale heller. Vil likevel anbefale å finne revefarmen... Det fine er at heile turen no er merka med raudt, så då eg først fann merkinga, var det ikkje mykje meir å gruble på! Merkinga tek ein til Læigassletta og den litle bua der, vidare opp skaret mot Britavatnet på 763 moh og fint opp langs ryggen til topps. >>>

Map