Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Vindstille!

Date:
30.07.2014

Endeleg stod Røst for tur. Vi kom med tidlegferge frå Bodø, 14 stk og ditto mange syklar. Hadde tinga overnatting hos Steinar Greger, som leiger ut småhus og driv pub. Stort press på sengeplassane den helga vi var der, for andre skulle som oss på Querini-operaen. Litt under 600 fastbuande på Røst, og denne helga venta dei 1200 besøkande! Vindstille og finvêr då vi kom, og det vart raskt bestemt at skulle vi ha tur ut til fuglefjella, måtte det bli med det same. Vi fekk tinga oss ei skøyte utover, og dei mest topplystne vart sett i land på sørsida medan dei andre tøffa vidare. Rask tur opp gjennom graset, og for ein utsikt! Trenyken og Skomvær, Røst-landet og Lofoten. Fint å ha med seg sykkel til Røst. Vi sykla på kryss og tvers. Fekk med oss gamle ruinar og kvalkadaver ute >>>

Map    

Tåketur

Date:
29.07.2014

Heile familien på tur til Bodø, men trur du ikkje mor måtte gå aleine til topps likevel! Valde å starte ved Børvatnet, gå langs dette og så ta stigningen opp til Lurfjellhytta før sjølve toppturen. Sett i etterkant vil eg ikkje rå andre til å velge denne ruta. Turen langs Børvatnet var vel lang og kjedeleg og utan noko spesiell naturoppleving. Skal ein ta ein kort dagstur, vil det nok vere betre å gjere som andre, starte ved Svartevassætra. Det er kortare veg og ein byrjar nokre hundre høgdemeter høgare - som alltid er ein fordel. Elles høyrer eg at Åselidalen er vakker, men lang. Sikkert fin tur om ein kombinerer med overnatting på Lurfjellhytta. Vel, skodda kom sigande. Eg vart ståande midt i bakken og lure på om eg skulle snu eller ikkje. Det vart topp, men null utsikt. >>>

Map    

Vardøyfjellet

Date:
21.07.2014
Map    

Botnkrona

Date:
20.07.2014

Med godt folk på Dønna. Tåka hangt tjukk over dei sju, men tre av oss valde likevel å satse på at ho ville lette. Litt vått oppover der vi tok sikte på sjølve Botnkrona, men nærmare toppen letta tåka og vi fekk ein god solskinnsdag. Fekk turen innom to systre til - Grytfoten og Skjerdingen - før vi tok sikte på parkeringsplassen lenger nede.

Map