Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Tre toppar i Midtausten

Date:
10.08.2013

Etter ein vellukka Mongolia-tur for to år sidan, kom det invitasjon frå Lars til "gutta" - Tor og eg - om tur til Ararat. Vanskeleg å seie nei. Turen vart etter kvart utvida - låg ikkje Irans og Armenias nasjonstoppar like ved? Med på turen fekk vi også lokka med oss Aud og Torunn. ARARAT - TYRKIA Køyrde frå Van og brukte føremiddagen i Dogubayazit på å plukke opp fjellføraren og tillatelse til å klatre fjellet. Første etappe gjekk frå ca 2000 moh til basecamp på 3200. Vi hadde inga akklimatisering inne, så dagen derpå måtte vi tur-retur basecamp og camp 2 på 4200. Til vår store overrasking var det rigga opp eit brus-/ølutsal midt i bakken. Ikkje akkurat det ein kastar seg over medan lungene skrik etter luft på veg oppover, men vi lot oss freiste på veg ned… >>>

Map