Turens siste (29.10.2014)


Map
Ascents Gråurda (791m) 29.10.2014

Siste tur i dette trønderraidet. Kom frå Hitra. Vêret hadde snudd. Det meste av turen hadde eg hatt vindstille og sol, men regnet som hadde byrja så smått på Hitra, hadde verkeleg sett inn. Særs lite freistande å krabbe seg ut av bilen, men ruta stod klart i hovudet etter turen til Omnsfjellet dagen føre, så det var berre å skride til verket. Starta turen like etter brua nede i Vutudalen og følgde dalen innover, men ikkje så langt som til Tverrelva. Tok opp skråninga og kjende sterkt på at eg var grundig lei av å krafse meg oppetter småbratte skråningar med lyng for å nå ein topp!!! Godt mogleg det er naturleg når ein har gjort unna vel 300 kommunetoppar... Hadde det ikkje vore så korte dagar nett no, hadde eg nok vald å ta toppen frå den andre sida. Ser det er noko lenger, men trur nok det er meir behageleg. Greit nok då det flata ut mot toppen, men ingen topp å skryte av. Regn og skodde på heile turen og ganske så småmørkt før eg nådde bilen igjen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.