Kommunetopp - Asker (Akershus): Hagahogget 459 moh (15.05.2004)

Geschrieben von josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Tourlänge 3h 29min
Entfernung 35,5km
Höhenmeter 710m
GPS
Besteigungen Bergsåsen (458m) 15.05.2004

Hagahogget (459 moh) - Asker, Akershus
Sykkeltur til Hagahogget, det høgaste punktet i Asker kommune med sine 459 moh. Dette er min lengste tur hittil i år i tid, sjøl om turen berre var 35 km. På dei fyrste 15 km forbi Tveitersætra, brukte eg i underkant av 50 min. Då eg kom til Hagahogget, drog eg med meg sykkelen vidare forbi radaranlegget for å kome meg til utkikspunktet. Det var berre drags, måtte trille og bære sykkelen heile vegen. Brukte ein del tid på det sjøl om det berre var omlag 500m i luftlinje. Fantastisk fin dag i dag. Passe temperatur og lette skyer. Utsikta frå Hagahoget er flott: Eoin ser innover mot Oslo, Holmenkollen, Ekeberg, Nesodden og heile fjorden utover forbi Slemmestad. Asker, Dikemark og norvestover heilt til Norefjell! Brukte ein del tid på nyte denne utsikta. Det neste eg kasta vekk tid på var å ta ein blåmerka sti frå Rustaden i retning Vestlia og Solli. Den går på søraustsida av Sandungen og er litt for teknisk mesteparten av vegen. Så det blei ein del trilling, og eg tryna eit par gongar.... Neste gong skal eg sykle rundt Sandungen. Eg vart ganske gåen i dag. Det er tydelig at dei siste par vekene med lite trening og forkjøling he sett meg tilbake. No e det berre ein knapp månad til Nibberittet. So det e berre å stå på!!!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.