Mount Elbert (18.07.2014)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startpunkt Elbert Creek Campground
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 42min
Entfernung 14,8km
Höhenmeter 1.400m
Karte
Besteigungen Mount Elbert (4.399m) 18.07.2014

Mount Elbert er det "2nd highest peak in the continous USA", dvs det ekte Amerika bortsett frå Alaska og anna rask. Vår veg til Mt. Elbert var lang og kronglete, der sjølve gåinga var ein overraskande liten del av eventyret.

Etter å ha bestege Mt. Evans med bil lurte eg og Kona på kva som var neste ferieeventyr i Colorado. Kona ville gjerne sjå Aspen, som etter sigende har av dei høgste boligprisane i USA, noko som var eksotisk nok, men ikkje ein stad vi ville overnatte. Etter køyring opp og ned frå fjellpass og djupe dalar med imponerande fjelltoppar byrja det å bli seint.

"Her er det ein by, der kan vi stoppe", sa Kona, og vi svinga av til byen Vain. Vi lukta raskt lunta. Vain sin bebyggelse var stort sett Marriot Plastic Plaza mm. og menneska her var kledd i semska mokkasinar og boblevest. Dette var ingen verande stad. Vi tok tak i den einaste vi såg med langt hår, og spurte om han visste om ein koselig stad i nærleiken. Leadville var svaret. Der var det fint. Så vi hoppa i bilen og køyrde inn i natta over høge fjellpass med stadig tommare tank.

Dei fann både gull, sølv og bly her. Men valgte altså å kalle staden for Leadville. Massive peak til høgre og Mt. Elbert til venstre.
Dei fann både gull, sølv og bly her. Men valgte altså å kalle staden for Leadville. Massive peak til høgre og Mt. Elbert til venstre.

Når vi til slutt kom til Leadville var det eit vanvittig tordenvær. Det var rom i hærberget, og vi vakna opp i ein vakseekte vill-vest-by 3000 moh i eit slags Rondane på steroidar. Påfølgande dag gjekk med på å lære om Leadville si edle gruvehistorie i sølv og gull, med dei påfølgande fargerike menneskelige tragediane det medførte. Det var ikkje før på kvelden vi oppdaga at fjellet vi såg frå vindauget var sjølvaste den milde kjempen Mt. Elbert.

Levande og (mest) død gruvehistorie i Leadville
Levande og (mest) død gruvehistorie i Leadville

Kona følte seg fin i kneet, så dagen etter gikk vi på Mt. Elbert. Fin sti heile vegen i ein lang og seig oppoverbakke. Om ein ikkje er akklimatisert kan dette vere ein tung nok tur når ein møter siste brattene på veg til toppen. Lufta er tynn, og det merkar ein, for å seie det slik. Men det stoppa ikkje oss. Kona, som hadde følt seg dvask og svimmel på Mt. Arapahoe, hadde gått farmasøytisk til verks og gitt turlaget ein dose ibuprofen før avgang. Det vart også vurdert å tappe ein halvliter blod for så å tilbakeføre det, men sidan det var så kort tid før turavgang hadde dette vorte mest styr og søl.

Kona ladar opp til siste bratta
Kona ladar opp til siste bratta

Toppen hadde ei fantastisk utsikt som gjorde turen vel verdt. Ein behagelig 4000-meter som er rimelig tilgjengelig. Vi gikk standardruta frå Elbert Creek Campground. 3,5t opp og 3t ned. Start tidlig pga tordenbyger.

Fint utsyn, med Leadville bak i disen ein stad.
Fint utsyn, med Leadville bak i disen ein stad.
Dette er litt pussig: i Colorado er det mange oppoverbakkar. Det lokale ølet i Boulder heiter Upslope. Tilfeldig eller ikkje? ... Elbert i bakgrunnen.
Dette er litt pussig: i Colorado er det mange oppoverbakkar. Det lokale ølet i Boulder heiter Upslope. Tilfeldig eller ikkje? ... Elbert i bakgrunnen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.