Gjekk frå Maudal kraftverk i 10-tida oppover på anleggsvegen mot Stora Myrvatnet. Forlot vegen i den første hårnålssvingen på snaut 500 moh. Derfrå går det ein sti mot Brudle og Jensastølen som eg fulgte. Tok på ski då eg kom på samanhengande snø over 600 moh. Kryssa Jensavatnet og gjekk opp til Flassevannsbergene og vidare austover til topp 845 og Leitesknuten. Så sørover til Høgknuten og sørvestover til Bringeknuten. Vidare nordover til Jensavatnet igjen og tilbake same vegen ned til Maudal. Mykje snø etter ein snørik vinter og gode føreforhold på vårsnø.
Zoombilder av rev sett nord for Flassevatnet.
Benutzerkommentare
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare