Tinderangling på Danmarks tak (14.10.2013)

Geschrieben von Garm (Gal Krokfot) GSM

Karte
Besteigungen Brændholt Bjerg (115m) 14.10.2013
Ejer Bavnehøj (170m) 14.10.2013
Frøbjerg Bavnehøj (131m) 14.10.2013
Himmelbjerget (147m) 14.10.2013
Møgelhøj (165m) 14.10.2013
Møllehøj (170m) 14.10.2013
Yding Skovhøj (170m) 14.10.2013

TINDERANGLING PÅ DET DANSKE TAG!

Dagen var kommet. Vi stod klare for eit eventyr av dimensjoner. Planen om alpin start rauk glatt etter inntak av for mykje skotsk høgoktanbrennsel kvelden i forvegen men været var betre enn venta og vi var ved godt mot. Vi hadde akklimatisert oss med Sjællands høgaste punkt Gyldenløves Høj på 125,5 meter dagen i forvegen og no var vi klare for eit raid over både
Fyn og Jylland. Fyrst ut var Frøbjerg Bavnehøj på 131 meter men på veg mot toppen dukka det opp ein ny og ukjent topp. Vi lot oss ikkje be to gonger, døpte den Brændholtbjerg og la i veg.

Frå parkeringa var vi heldige å fant eit dyretrakk som vi fulgte opp til toppen av denne ukjente perla. Stor var overraskelsen da vi på toppen fant restar etter noko som kunne minne om mennskelege instalasjoner. Men vi konkluderte raskt med at det måtte være landingsinstalasjoner til UFO'er og at dei hadde valgt denne aude og utilgjengelege toppen som skalkeskjul for ein komande invasjon.
Stortoppen til Frøbjerg Bavnehøj kan skimtast i det fjerne frå Lille Frøbjerg.
Stortoppen til Frøbjerg Bavnehøj kan skimtast i det fjerne frå Lille Frøbjerg.

Etter behørig dokumentering av fyrstegongsbestigninga (og sikkert også sistegongsbestigning da det er ytterst tvilsomt om folk nokon gong vil finne fram att til denne aude og ugjestmilde staden) fortsatte vi videre mot det eigentlege målet.
Moralen var høg i gruppa til tross for interne stridigheitar angåande GPS navigeringa.
Etterkvart dukka Frøbjerg Bavnehøj opp i horisonten. Vi tok tok Lille Frøbjerg Bavnehøj rett vest for hovudtoppen i samla tropp men på veg opp mot stortoppe uttarta stridigheitane og vi tok alle forskjellige rutevalg opp. Med los på toppen var valet enkelt for meg. Eg gjekk rett på brattaste ruta med dødsforakt. Etter eit blodslit utan like stod eg endeleg på toppen og gjensynsgleda med resten av gruppa stod ikkje tilbake for dei følelsane som Boech, Keilhau og Urdi må ha hatt når dei vart samla att i hytta etter Falketind erobringa.
Gratulasjoner vart utveksla og nødvendig dokumentering av bestigninga gjennomført før vi motvillig måtte ta farvel med toppen.

Tida gjekk og vi hadde ambisiøse planer for resten av dagen.
Neste mål var sjølvaste Ejer Bavnehøj. Æresfrykta for denne monumentale tind låg tungt over gruppa. Eg har tidlegare lest turrapporter der Ejer Bavnehøj trivialiserast ved å bestige den iført kun laken. Eg vil på det sterkaste åtvare mot denne type skjødeslaus oppførsel. I verste fall kan den type lemfeldig omtale anspore mindre erfarne tindebestigere til å ta for lett på oppgåva med påfølgande katastrofer.
Vi køyrte so langt bilvegen gjekk, pakka om og la i veg til fots opp mot toppen. Bortsett frå hissige diskusjonar og stor uenigheit i gruppa ved myntinnkastet til tårnet gjekk bestigninga relativt greit. Problemstillinga ved myntinnkastet var om vi skulle gå tilbake til bilen for å hente mynter og betale fyrst eller gå ein ekstra tur opp etterpå for å betale. Løysinga vart forøvrig at eg måtte gå alle dei ekstra høgdemetrane etterpå for å betale.

Men endeleg kunne vi sleppe jubelen laus. Danmarks høgaste punkt (tilgjengeleg for vanleg dødlege) var vårt! Rundt oss på alle kanter ruva ville tinder, pigger og nuter men vi stod på den aller høgaste. Vi kunne også skimte dei neste måla for dagen, Møllehøj, Lindbjerg, Margretelyst, Møgelhøj og Yding Skovhøj. På klarværsdagar skal også det mytiske Himmelbjerget være innanfor synsvidde.
No stod Danmarks høgaste naturlege punkt for tur og på vegen bort svippa vi også bortom Lindbjerg.


Overraskelsen var stort da vi entra Møllehøj og oppdaga at danskane faktisk driv jordbruk og har eit fjos på Danmarks høgaste punkt.
Har nokon nordmann forsøkt å dyrke opp Galdhøpiggen kanskje? Trur ikkje det nei. Danskane er utvilsomt langt framfor oss innanfor jordbruk.
Etter beseiringa av Møllehøj stod Møgelhøj for tur. Møgelhøj er tydlegvis rekna som for vanskeleg og farleg av dei fleste peakbookarar da dei ser ut til å innsjå sine begrensinger på Møllehøj. Vi hadde derimot ingen begrensningar og fortsatte ufortryte vidare og belønninga for oss med nok mot var himmelsk. Sørover hadde vi endelaus utsikt over det danske høgfjell og i nord ruva Møllehøj og Ejer Bavnehøj majestutisk.
Returen gjekk over Møllehøj mot Ejer Bavnehøj. Alle høgdemetrane tok tid og vi vurderte til slutt Margretelyst som for vanskeleg og tidkrevjande. Den vart difor droppa men vi vil returnere ved ei seinare anledning med betre logistikk, utstyr og førebuing for også å ta den.
No er vi tross alt litt kjent i området og veit kva vi går til ved neste ekspedisjon.

Yding Skovhøj var neste topp på lista. Rota litt rundt før vi fant rett rute men når vi fyrst kom igang falt Yding Skovhøj raskt. Utsikten frå Yding Skovhøj var ein anelse mindre imponerande enn Ejer Bavnehøj men heilt grei i henhold til dansk standard.
Vi returnerte langs samme rute og kunne etterkvart konstatere enda ei vellukka erobring. No stod det berre ein topp att. Himmelbjerget.

Parkeringsplassen til Yding Skovhøj var egentleg meir interessant enn toppen i seg sjølv.
Parkeringsplassen til Yding Skovhøj var egentleg meir interessant enn toppen i seg sjølv.

Det kom til fleire stridigheitar angåande GPS navigeringa på turen vidare og det var tydleg at nervane byrja å bli pressa i gruppa. Gnagsår, blemmer, mjølkesyre og apati herja etter dagens kraftanstrengelse men vi gjekk på. Dei siste metrane opp mot toppen gjekk i blodtåke og vi var for slitne til å feire men vi hadde greid det. Også Himmelbjerget var vårt.

Vi var ekstra forsiktige på returen vel vitande om at dei fleste ulukker skjer nettopp da når folk er fornøgde og slapper av.
Returen til bilen var tung men gjekk greit og no gjenstod berre bilturen opp til Fredrikshavn og ferga. Skal ikkje kommentere tidsbruken opp til Fredrikshavn i tilfelle danske ordensmakter slumper innom her, men vi rakk ferga med grei margin.
Dagens erobringer vart så behørig feira i baren på Stena Line. Ikkje kvar dag ein tek fem av dei høgaste toppane til ein nasjon.

Danmarks faktisk høgaste punkt. Noko utilgjengeleg og truleg også menneskeskapt.
Danmarks faktisk høgaste punkt. Noko utilgjengeleg og truleg også menneskeskapt.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Tinderangling!!

    Geschrieben von Eikås 16.10.2013 12:09

    Ja, eg vil tru høgdemedisinen kjem vel med :) :)

    • -
      avatar

      Sv: Tinderangling!!

      Geschrieben von Garm 17.10.2013 22:14

      Med uanstendige mengder diamox og cokablader gjekk det seg til. :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Tinderangling!!

        Geschrieben von Eikås 18.10.2013 21:29
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.