Grindane Extra (18.07.2026)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
| Besteigungen | Grindane (1.724m) | 18.07.2026 13:35 |
|---|
Deltok på mi fyrste samling hjå "Peakbook ski- og fjellopplevelser", der Anne og Morten er vertar i storhytta "Veslebu". Kom opp fredag, samkøyrde med "GeirL». Laurdag var det meldt usikkert ver, og plan var Sluten i Lærdal. Me sat på terrassen og såg at endringa i veret kom noko tidlegare enn meldt. Difor vart turplan endra, og fall på ein variant av Grindane. Den vakre toppen ligg nokre km frå hytta. For meg vart det ei utfordring i såpass bratt terreng. Sporet opp bør ikkje følgast, om ein ikkje er erfaren i svært brattlendt terreng. Her var både ei gruslagt renne, og bratt traversering av flanke. Me var trygge med proff guide. Oppe ved toppen, ein god rast for å nyte niste og utsikt. Så bort til varden, for 360 panorama. Me gikk den merka normalruta nedatt. Ruta opp vart min "test" på kva som skulle komme i morgon. Kjende med usikker på sensuren, men jobba med saka.







Benutzerkommentare