Owemigen (05.02.2026)
Geschrieben von JonnyA (Jonny Asperheim)
| Startpunkt | Vasstaket (160m) |
|---|---|
| Endpunkt | Vasstaket (160m) |
| Tourcharakter | Wanderung |
| Tourlänge | 2h 30min |
| Entfernung | 4,0km |
| Höhenmeter | 229m |
| GPS |
|
I juli, 1950 var det flaum i Geisdalsbekken i Årdal. Flaumen heldt på å ta med seg det nybygde gjestehuset til Årdal Verk som er næraste nabo til bekken. Generaldirektør Aage W.Owe bestemte difor at det skulle skytast ein tunnel gjennom Finnsåsen for å avlaste og evt. ta unna vatnet ved ei liknande hending seinare. Vatnet kjem ut av tunnelen midt i Finnsåsen og stupar ut i Årdalsfjorden. Fossen under tunnelen vert difor lokalt kalla "Owemigen".
Ved lengre kuldeperioder er det fint å gå gjennom tunnelen som då stort sett er islagt i botnen. Ved utløpet av tunnelen er det fin utsikt mot Årdalstangen og Årdalsfjorden. Me syntese det var naudsynt med både stegjern og hjelm. Ei isøks /stavar med gode piggar til støtte var og med.
Tunnelen er omlag 520 m lang, er litt bratt i starten, men flatar litt ut etter kvart.
Fekk diverre ikkje stoppa turen på mobilen ved turslutt, så sporet vart alt for langt.
Turen er 4,58 km.















Benutzerkommentare