Leirhøe og Spiterhøe (14.04.2025)

Geschrieben von ArilT (Aril Torheim) GSM

Startpunkt Spiterstulen (1.103m)
Endpunkt Spiterstulen (1.089m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 8h 33min
Entfernung 23,0km
Höhenmeter 1.613m
GPS
Besteigungen Leirhøe (2.330m) 14.04.2025 10:30
Leirhøe Nord (2.073m) 14.04.2025 10:30
Skauthøe (1.993m) 14.04.2025 10:30
Spiterhøe (2.033m) 14.04.2025 10:30
Nordøst for Spiterhøe (2.009m) 14.04.2025 10:30

Leirhøe og Spiterhøe

Eg og Tonje fekk lurt med Britt og Svein på dagstur over til Jotunheimen for å bestige Leirhøe. Eg visste at det var litt tynt med snø rundt Spiterstulen denne sesongen, men dette hadde ikkje Britt og Svein sjekka opp i. Fyrste kommentar frå Svein når han steig sjokkert ut av bilen vart dermed "De e no ikkje snøv her??".

Det var heilt korrekt observert. Men dette var tatt med i beregninga. Planen var ski-på-sekk opp fyrste bakken mot Skautkampen og at det skulle bli betre føre der ifrå.

Etter litt ompakking og eit 2 minutters lynkurs i "Korleis feste ski-på-sekk" var vi klare for avmarsj langs stien mot Glitterheim.



Det er nok å foretrekke å kunne stå på ski heilt frå bilen, men det er og ein sjarm med turar som startar med ski-på-sekk. Vi får likevel håpe at turar der slikt må til i april blir ein raritet, og at slike triks fyrst og fremst må hentast fram seint mai i shortsvêr.

Sjølv om det såg tynt med snøv ut frå bilen var det ikkje så lenge før vi møtte større parti med samanhengande snøv. Etter kvart som vi vann høgdemeter åpna utsikta mot Galdhøpiggmassivet seg gradvis opp og gav fleire og fleire godbitar å legge blikket på når ein kika bak seg.



Vi bikka kanten mot Skautflye, og kunne sjå langt innover mot eit pyremideforma fjell. Eg fortalte Britt at fjellet vi kunne sjå var Ryggjehøe i det vi bytte om til randoutstyr og satte kursen opp bakkane mot Skauthøe.

Bakken mot Skauthøe besto av mange luretoppar som vi forserte i jevnt og trutt tempo. Det var greit med snøv opp her, men når vi nådde sjølve topplaået var det ganske så avblåst. På toppen åpna virkelig utsikta seg mot blant anna Veotindane.


Galdhøpiggmassivet.
Galdhøpiggmassivet.
Veotinder sett frå Skauthøe.
Veotinder sett frå Skauthøe.

Leirhøe låg pakka inn i ein faretruande tjukk skodde-dått. Toppen såg fortsatt lang vekke ut så eg fortalde ikkje gruppa heilt enda at det var dit vi skulle. Dette var nok lurt for Tonje sa seinare at ho hadde "sett bort på det fjellet langt der borte inni skodda, og tenkte det var godt vi ikkje skulle heilt dit". Yr hadde meldt at skodda skulle lette på ettermiddagen, så eg hadde eit håp om at dette stemte.

Etter Skauthøe fulgte ei kort nedkøyring med fellar på med litt innslag av mikro-navigering mellom steinar som stakk opp.

Det vart ei kort matpause i le for vinden nedafor "Nordøst for Spiterhøe" før vi besteig denne. Dagens første 2000 meter var dermed i boks og nummer to, Spiterhøe, låg berre 600 meter lenger mot sørvest.


Britt og Svein på Nordøst for Spiterhøe.
Britt og Svein på Nordøst for Spiterhøe.
Spiterhøe.
Spiterhøe.

Frå Spiterhøe tok eg av fellane og fekk lagt inn eit par svingar i dei knappe 150 høgdemeterane ned til flata før oppstigninga mot Leirhøe. Nokre "haifinner" låg skjult under snøven, så svingane måtte betalast med eit par nye riper i skia.

Tonje hadde no skjønt at Leirhøe var toppen inne i skodda, men toppen såg heldigvis ikkje så langt vekke ut lenger. Skodda såg også ut til å avta. Kun ein seig motbakke på gode 400 høgdemeter sto att.

Motbakken baud på rå utsikt opp Visdalen mot blant anna Store Urdadalstind, Kyrkja og Tverrbytthornet. Vi passa sjølvsagt på å legge inn eit besøk til Leirhøe Nord på tur opp bakken.


Øvre del av Visdalen med Store Urdadalstind, Kyrkja og Tverrbytthornet i bakgrunnen.
Øvre del av Visdalen med Store Urdadalstind, Kyrkja og Tverrbytthornet i bakgrunnen.
Siste bakke opp breen mot Leirhøe.
Siste bakke opp breen mot Leirhøe.
Styggehøe, Bukkehøe og Tverråtindane.
Styggehøe, Bukkehøe og Tverråtindane.

Vi nådde toppen av Leirhøe etter 5 timar og 30 minutt. Skodda var letta heilt, og utsikta var magisk. Memurutindane stakk kvasst opp i sør, med Tjønnholstind i Gjendealpane fjernt i bakgrunnen. Lengre mot søraust stakk Surtningssue og Besshøe opp, medan Hellstugutindane med breahestane sine reiste seg i sørvest.


Veotindar, Besshøe, Surtningssue, Tjønnholstind og Memurutindar.
Veotindar, Besshøe, Surtningssue, Tjønnholstind og Memurutindar.
Hellstugutindar.
Hellstugutindar.

Nedkøyringa var til dels svært bra! Den starta med litt hardt føre i toppen, men det vart betre og betre til lengre ned vi kom. Frå Leirhøe Nord og ned til Skautflye var føret perfekt, med ein gode såle og mjuk styresnøv på toppen. Total fekk vi 800 meter med nedkøyring frå Leirhøe til Skautflye, kun avbrutt av ein liten hump som måtte gåast i fiskebein ved Leirhøe Nord.



Vi kunne no ta fatt på den seige utmarsjen tilbake til skaret ved Skautkampen. Britt sa at det kunne vell ikkje være så langt dit. Då peikte eg på det pyramideforma fjellet som vi hadde sett i det fjerne når vi kom opp frå Spiterstulen tidligare i dag og sa "Hugsar du det fjellet der?". Vi sto no ikkje så langt frå foten Ryggjehøe, og ho grøssa når ho innsåg at det var eit godt stykke tilbake.

Omtrent 4 kilometer sa GPSen, men Britt ville helst ikkje vete distansen.


Glittertind, Glitterrundhøe og Ryggjehøe.
Glittertind, Glitterrundhøe og Ryggjehøe.
Tonje med Leirhøe bak. Veobreahesten framanfor Leirhøe.
Tonje med Leirhøe bak. Veobreahesten framanfor Leirhøe.
Britt med Leirhøe bak, og skispora våre til høgre.
Britt med Leirhøe bak, og skispora våre til høgre.

Etter ein seig liten time langs kvistaløypa var vi tilbake i skaret ved Skautkampen og kunne hive skia på sekken og ta fatt på siste nedstigninga mot Spiterstulen.


Nesten tilbake i skaret ved Skautkampen. Ryggjen vi følgde mot Skauthøe i bakgrunnen, og Galdhøpiggen bak den igjen.
Nesten tilbake i skaret ved Skautkampen. Ryggjen vi følgde mot Skauthøe i bakgrunnen, og Galdhøpiggen bak den igjen.

Tusen takk for prima tur! Håper vi klarer å lure Britt og Svein med på fleire dagsturar over fjellet.


Startzeitpunkt 14.04.2025 10:26
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 14.04.2025 18:59
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 8h 33min
Zeit in Bewegung 6h 05min
Pausenzeit 2h 27min
Gesamtschnitt 2,7km/h
Bewegungsschnitt 3,8km/h
Entfernung 23,0km
Höhenmeter 1.613m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.