Rondane dag 4: Verkilsdalsbotn rundt (07.07.2013)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Dørålseter (1.060m)
Endpunkt Dørålseter (1.060m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 12h 30min
Entfernung 38,4km
Höhenmeter 2.180m
Karte
Besteigungen Bråkdalsbelgen (1.914m) 07.07.2013
Nord for Bråkdalsbelgen (1.770m) 07.07.2013
Hoggbeitet (1.805m) 07.07.2013
Ljosåbelgen (1.948m) 07.07.2013
Ljosåbelgen Vest (1.885m) 07.07.2013
Sagtindan (1.838m) 07.07.2013
Simletinden (1.771m) 07.07.2013
Steet (1.996m) 07.07.2013
Nord for Steet (1.885m) 07.07.2013
Trolltinden (2.018m) 07.07.2013
Trolltinden Sør (1.890m) 07.07.2013
Vassberget (1.855m) 07.07.2013

Dette er drygaste dagsturen vi har gått til fots, over 38 km viste GPS. Gjekk frå Dørålseter på merka rute mot Høvringen. Ei elgku med kalv kryssa elva eit lite stykke foran oss, sat roleg og såg på. Artig for oss som for det meste er vant til hjort og rein. Kryssa utosen til Dørålsvatnet på austida og gjekk bratt opp ein rygg i retning dagens første topp, Vassberget. Her møtte vi ein kar, overraskande for alle partar virka det som. Han dreiv og gjekk litt i fjellet, hadde ei Røyne-liste som han kryssa litt av på innrømma han. Virkar som denne Røyne-lista er reine pornografien i enkelte miljø. Etter ein lang prat med han om fjell og tindar måtte vi berre komme oss vidare. Hadde alt brukt 4 timar. Eit steinkast bortafor toppvarden gjekk vi oss på eit kadaver av ei ku. Beingrind og skinn, og ei utriveleg lukt. Lurer på kva historia er bak denne skjebnen? Kva vil ei ku på 1800 moh i ei steinrøys? Turen gjekk vidare rundt heile Verkilsdalsbotnen. Sagtindan, Bråkdalsbelgen, Ljosåbelgen, Steet og til slutt Trolltinden. Sjølvsagt ein del opp og ned men enkelt å gå. Passasjen frå topp 1897 til Trolltinden er grei å finne. Tydelege spor, delvis varda osv. Frå Trolltinden nytta vi snøfeltet i nordsida. Tok 300 høgdemeter med skorennjing der i ein fei. Forferdeleg lang utmarsj frå Langholvatnet, gjekk på austsida av Døråe. Tilbake ved Dørålseter ca 2130.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    hello

    Geschrieben von Dim3nsion 03.06.2015 16:19

    i cannot the most of u'r article, but i got a question is it possible to walk from brakdalsbelgen towards hoghbeittet by passing hammaren and towards trolltinden?

    let me know

  • -
    avatar

    Død ku

    Geschrieben von Richard 28.02.2014 17:52

    Denne traff vi også på sommeren 2013. Det viste seg at denne var avlivet av en gårdbruker i 2012 og steinet ned. Lurte fælt på dette og om det var et rovdyr som hadde jaget dyret opp i fjellet. Men det var en naturlig forklaring..... Skal prøve denne ruten til sommeren. Er nok en skikkelig lang tur. Ikke for hvem som helst dette.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.