Rondane dag 2: Smedbotn rundt (05.07.2013)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Dørålseter (1.060m)
Endpunkt Dørålseter (1.060m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 8h 30min
Entfernung 26,1km
Höhenmeter 1.550m
Karte
Besteigungen Nørdre Smedhamran (1.898m) 05.07.2013
Søre Smedhamran (1.922m) 05.07.2013
Storsmeden (2.016m) 05.07.2013
Storsmeden Nord (2.001m) 05.07.2013
Veslesmeden (2.015m) 05.07.2013

Vi vakna tidleg av solsteik på teltduken. Dette endra seg medan vi åt havregrauten. Tunge svarte skyer kom inn frå sørvest, og etterkvart nokre sure byer. Vi måtte finne på eit kvart og satsa på Nordre og Søre Smedhamran. Fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot foten av Nordre Smedhamran. Forferdeleg dryge parti her, spesielt Lise synest dette er noko herk. Ho vil ha motbakke med ein gong! Veiret hadde bedra seg merkbart og vi såg ikkje meir til regn denne dagen, faktisk vart det ein kjempedag. Vel framme på Søre Smedhamran var det dags for litt overtaling. Vi hadde eigentleg fått turen som var planen, men no var veiret heilt toppers og vidare mot Storsmeden såg det enkelt ut. Såg og folk på Veslesmeden. Etter ein del lirking og luring (viktig å ta seg god tid) så seier Lise at vi får sjå litt vidare og sjå kva som skjer...(Vanlegvis ikkje nødvendig, men ho hadde ein veldig tung dag). Ryggen frå Søre Smedhamran til Storsmeden er grei å gå, ikkje noko luftige parti. Mellom Storsmeden og Veslesmeden er det meste skrive. Kunne her feire min pf 100 topp nr 1000. Frå Veslesmeden ryggen nordaustover mot pkt 1749 og etterkvart inn på sti. Laaaang utmarsj til Dørålseter.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.