Siste dag til fjells enda med endå ein tur opp Svellnosbreen, for å få med meg Midtre Tverråtind, og kanskje innom Galdhøpiggen for å få prøvd meg på brattkøyring ned sørrenna.
Jamne minusgrader gjennom mesteparten av døgeret, var det skarpt om morgonen, og noko mjukare utover dagen. Eg gjekk heile innmarsen på elva, då det var for snautt med snø i terrenget oppover til å gå meir direkte.
Vel oppe på breen drog eg opp på Tverråsryggen ganske med det same etter å ha passert Solskinnstoppen. Her var det fram med stegjarn og isøkser. Siste partiet på breen er det ein skavl som brettar breen utover. Her er det nærast heilt vertikalt, men på godt føre med fast og fin snø var det ingen sak å ha gode tak her.
Så følgde det ein halvkjip vandring i steinur lite snø mot toppen.
Eg drog ned att ganske så kjapt, då eg ville prøve å rekke opp sørrenna på Galdhøpiggen. Eg tok meg ein cowboystrekk nedst i renna før eg tok til å kjempe oppover. Fyfarin te slit opp her. Laust og varmt i botnen, og forblåst og kaldt på toppen. På sjølve piggen var det so kaldt og føyka at eg tok ikkje lange pausa før eg returnerte ned renna. Her var det blitt svært hardt då sola hadde reist for dagen (renna vender egt. sørvest-vest).
Benutzerkommentare