Morgontur opp Hornet (13.07.2025)

Geschrieben von Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Startpunkt Venjedalen (750m)
Endpunkt Venjedalen (750m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 17min
Entfernung 5,6km
Höhenmeter 800m
Karte
Besteigungen Lillehornet (1.538m) 13.07.2025
Romsdalshornet (1.550m) 13.07.2025

Fridag frå snekring hjå tanta mi på Haramsøy.
Varm natt i Venjedalen. 19 grader halv fire på natta. Det vart vel ikkje meir enn eit par-tre timas svevn, so då var det berre å koma seg opp. Eg har lenge tenkt på Romsdalshorn, og har late meg fascinere av soga om fyrstebestiginga i 1828.
Det gjekk greitt oppover, og eg såg sola koma over Kyrkjetaket ved innsteget til klatringa. Om ein held tunga rett i munn og ser meir opp enn ned går det greitt. Eg gjekk jo åleine, og hadde med meg tau for rappellering, om eg skulle hamne feil ut oppi der. På to timar var eg oppe, Kilian brukar vel ein snau halvtime..
Her var det nokre syvsovarar som låg under open himmel. Det var ein nokso kraftig, men varm, austavind som ruva på toppen her. Det er jammen litt av eit syn å sjå dei to svære vardane etter 1828 og 1881, Smed og Bjermeland, og Hall, Soggemoen og Norahagen. For å ikkje snakke om Randers Heen si steinbu, og ankerpunkt nedi skardet mellom Litle og hovudtoppen. Mykje historie kring desse fjella.
Eg gjekk Halls renne ned att, og fekk med meg Litlehornet på vegen. Godt nedanfor renna måtte eg rappellere på eit tidspunkt. Klokka 09.00 var eg nede att i bilen, etter fem og ein halv time. Fyrst då byrja folk å gå på tur...

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.