Nordmarka (08.10.2025)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startpunkt Sørkedalen
Endpunkt Skar
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 7h 54min
Entfernung 31,5km
Höhenmeter 1.057m
Karte
Besteigungen Finnerudhøgda (501m) 08.10.2025
Heikampen (572m) 08.10.2025
Kikut (614m) 08.10.2025
Porthøgda (620m) 08.10.2025
Stubberudseterhøgda (523m) 08.10.2025
Besuche anderer PBE Kikutstua (370m) 08.10.2025
Skar parkeringsplass (180m) 08.10.2025
Endeleg fint vær. Tok bussen opp til Sørkedalen og fulgte grusvegen oppover. Tok av på sti og gjekk mot Stubberudseterhøgda. Grei sti opp dit. Gjekk vidare mot Heikampen og trudde eg skulle finne sti. Men tydeleg er dette ei skiturløype og ikkje sommerturløype, så myr og uten sti. Tok retning frå Heikampen og ned mot grusveg utan noko god sti. Konklusjonen min er at i Nordmarka er det litt anten eller. Anten er det grusveg, eller så er det blautmyr og ingen sti (og ein og anna sjeldan sti) etter å ha plumpa opp i myr og vatn. Fann stien opp mot Kikut og nedatt til Kikutstua. Blei litt forundra då det sto 8,5 km i gangsti mot Skar. Fulgte grusvegen eit stykke og oppdaga at dette skiltet var i alle fall heil feil, sidan eg etter fleire km hadde meir enn 8 km att til Skar. Blei plukka opp av søsteren på Skar før det bar avgårde til kino med søster og tantebarn.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by agnar 11.10.2025 21:29

    Nordmarka sitt høgste, men ikkje Oslo.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by reikri 12.10.2025 18:10

      Ja, stemmer nok det. Men det er høgste blandt dei med 100m pf.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Garm 13.10.2025 00:09

      Høgast i Nordmarka er Svarttjernshøgda (717 moh.) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.