Humpen og Skardhornet (01.10.2025)
Geschrieben von ddmbeast (David Dagestad Myklebust)
Besteigungen | Humpen (710m) | 01.10.2025 |
---|---|---|
Skardhornet (1.053m) | 01.10.2025 |
Køyrde til Høydalen og vidare på grusveg innover Langedalen. Den vart ekstra lang i dag, då dette ikkje var ein grusveg for låge bilar. Av same grunn valde eg å parkere på ei lomme mellom Langedalssætra og enden av grusvegen.
Det var glimrande sti som gjekk sikk sakk langs den gamle løypestrengen opp til Heimste Rinddalsvatnet. Humpen var dagens første mål og litt baksing i kratt og ur trur eg var uunngåeleg her. Tok nok ikkje beste vegen, men eit relativt kort støt.
Vidare mot Skardhornet tok eg sikte på punkt 815 og følgde ryggen vidare. Ingen sti, men lettgått terreng. Stor utsikt frå toppen. Same veg ned igjen.
Benutzerkommentare