Trollsteinkvelven (20.07.2025)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Gråhøe (2.154m) | 20.07.2025 08:38 |
---|---|---|
Store Trollsteinhøe (2.201m) | 20.07.2025 08:38 | |
Svartholshøe (2.067m) | 20.07.2025 11:56 | |
Trollstein-Rundhøe (2.170m) | 20.07.2025 12:28 | |
Søre Trollsteinhøe (2.161m) | 20.07.2025 14:28 | |
Austre Trollsteinhøe (2.095m) | 20.07.2025 15:23 |
Fantastisk - kort oppsummert !!! Å oppleva Trollsteinkvelven, og å gå ein runde på toppane der, har vore planlagt i fleire år. No var dagen komen. Frå bubilen, campa 500 m frå parkeringa kvelden før, bar det av garde kl. 8:38. 1,75 km på grusveg kvar veg vart vald, då det er raskare enn vier-trakking. Inn i terrenget og opp aust for Bergenuss-haugen. Etter haugen, lett og fint å gå innover. Det opna seg meir av kvelven, til lenger inn ein kom. Eit par ved eit oransje telt, vinka i det eg passerte ca. 100 meter i frå. Snart kom eg nærare tindane. Vakker natur, og ei fin læring i det å sjå korleis landskapet blir forma gjennom lange tids-perspektiv. Opp mot skaret gikk eg på ein reinsflokk. Eg lista meg og trekte aust, håpa at eg ikkje skulle skremme dei opp. Dei gikk ganske roleg litt opp, stoppa. Trekte så til tilbake til der dei kom frå. Søkte så litt ned. Frå skaret bar det i gong mot fyrste topp. Tyngste taket i dag. Rart med det, når ein tek til i grov- og svartmose-urd. Ikkje lange tida, så stod eg på Svartholshøe, og utsikta synte seg fram. Vidare få meter ned på eit band, før bratt opp til Trollstein-Rundhøe. Flott varde. Ned ei noko anna rute, sikta mot oppgongen til Gråhøe. 10 min skjeve-rast der, før eg valde ganske rett på i urda. Sjølv om Grøhøe er ein flat topp, var utsikta ned til Trollsteintjønne, breane og toppane, svært fine herifrå. Var på Gråhøe kl. 14. Vidare mot Søre gikk det raskt. Då eg snudde meg, såg eg på nytt ein stor reinsflokk på brea eg nett hadde passert under Gråhøe. Frå Søre raskt vidare mot Store Trollsteinhøe (kl. 14:45). Straks vidare derifrå og ned mot Austre Trollsteinhøe. Utsikta til den, frå den, og tilbake mot Store Trollsteinhøe, var svært fin. Dagen topp nr. 6, og eg funderte over korleis eg skulle legge retur-ruta. Valet fall på nord for 1996-toppen. Hadde halvveges ein tanke om Smådalshøe, som eg slo i frå meg. Men ruta gav meg jamn nedgong, meir vegetasjon, og variasjon, enn om eg hadde trekt ned i Kvelven sør for toppen. Då var det å fullføre i flott natur vidare med Veodalen og turen endepunkt. Var sår under føtene siste halvtimen, ellers ingen ubehag eller nesten-uhell på turen. Den fly-stripa på GPS-sporet oppstod då eg slo av fly-modus, ei kort stund. Data er korrigert. Det var og to toppar som ikkje slo inn automatisk, og som er tid-sett i omtalen. Denne turen lever eg lenge på :)
Benutzerkommentare