Oppsynstur til Kvannebakkbu - Jostedalsbreen Nasjonalpark (30.06.2025)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Snoadvarden (1.520m) | 30.06.2025 12:49 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Kvannebakkbu (1.510m) | 30.06.2025 12:49 |
På tide med ein ny oppsyns tur til Kvannebakkbu /nødbu etter vinteren. Hadde ein dag til rådigheit imellom jobb økter & mykje ver! Ringer og melder Joar som alltid med jamne mellomrom, for også kontakt blant anna til nødbua, sidan ansvaret er overført vidare! Veldig kjekt og ei ære å kunne få følge videre opp denne nødbua. Dette er også eit arbeid vidare, for å prøve å oppretthalde ånda til det som mellom anna Joar & Kjetil har og hadde som sine tanker & idealisme til nødbua. Eg gløymer ikkje henvendelsen ifrå Kjetil. Som spør om eg kan tenke meg å vidareføre engasjementet med sjel å passe på og sjå til at nødbua har det bra. Eg kjenner ein følelse av ære å få ein sånn henvendelse som eg tek med meg vidare. (Det er ikkje for å skryte, men dette tar eg med meg i hjertet vidare.) Dette ansvaret er selfølgelig ilag med fleire som ynskjer bua alt godt, og har gjort ein stor innsats og kjenner historia. Stort kjennast det også å vite om dei eldsjelene som bygde nødbua. Kvannebakkbu er idag overført til Jølster Rødekors, andre interesser og vi som set i styret som skal prøve å ivareta vedlikehald, samarbeid og funksjoner på ein god måte inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.
Eg hadde ein storslagen stille og fin tur som eg liker aller best! Meg og naturen!
Benutzerkommentare