Gjegnen (24.07.2024)
Geschrieben von ArilT (Aril Torheim)
Startpunkt | Yksneelvane (414m) |
---|---|
Endpunkt | Gjegnalunden (47m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 12h 55min |
Entfernung | 28,4km |
Höhenmeter | 1.714m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Gjegnen (1.670m) | 24.07.2024 07:52 |
---|
Gjegnen
Dagen starta med tidlig avreise frå Honndalen for å rekke 06:45 ferga frå Stårheim til Isane. Eg, Tonje, mor og far hadde planlagt å bestige Gjegnen. Eg hadde vert der saman med mor og far ein gong før på to dagers tur saman med turlaget. Då var eg 10 år. Planen denne gongen var å ta det som ein lang dagstur.
Planlegginga av turen starta kvelden i forvegen ved at far min ringte ein kjenning som hadde nøkkel til bommen i Yksneelvane, og som kunne køyre oss opp dit stien startar ovanfor Nevreskorsvatnet. Returen måtte vi stå for sjølve ved bruk av føttene. Dette sparte oss for 400 høgdemeter, og korta ned turen med 5.5km, noko som gjorde turen overkommelig på ein dag.
Ti på åtte takka vi for skyssen, og la i veg oppover mot Minivatnet (Kringsjåvatnet).
Stien startar bratt opp ca. 100 høgdemeter, så her var det rett opp i innbyttarpuls. Som ellers i dette området, består mykje av terreng av hylleformasjonar som strekk seg i nord-sør retning. Stien opp mot breen følger opp disse formasjonane, med partier med bratt stigning, etterfulgt av flatare parti mot neste hylle.
Etter kvart som vi passerte Minivatnet og nådde dei øvre hyllesystema åpna utsikta seg mot Nordfjorden, og vi kunne sjå over til Torheim kor far min vaks opp.
Når vi nådde brekanten låg tåka lavt over breen. Vi bandt oss inn i taulag, og gikk på GPS kurs mot ryggen bakafor Gjegnen. I det vi nådde andre sida av breen letta tåka, og vi kunne sjå tilbake på sporet vårt som tydlig sjangla litt fram og tilbake dei plassane vi hadde korrigert kurs.
Etter å ha lagt ifrå oss breutstyret gikk sjarmøretappen til toppen som ein leik.
Vi tilbrakte ein times tid på toppen, samman med slektningar som vi møtte på turen opp. Medan vi satt på toppen kom det også opp eit taulag som hadde gått frå Metteneset, og eit følge som hadde gått frå Gjegnabu.
På returen la vi inn eit besøk til Galleria i vestveggen. Her stikk det ut ein formasjon som en kan gå ut på, og sjå 1000 meter rett ned i Bjørndalsvatnet!
Tilbake ved breen var det berre å følge våre egne spor. No når tåka var letta og vi kunne sjå utover alt landskapet rundt oss, som virka for å være lågare enn oss, føltes det ut som vi gikk på taket av midtre Nordfjord.
Utmarsj heilt tilbake til bilen nede ved sjøen var ganske så seig. Frå der vi kom inn att på anleggsveien som vi starta ved om morgenen brukte vi ca. 1 time og 15 minutt tilbake til Gjegnalunden der bilen vår stod.
Takk for en fantastisk dag, og takk for denne gong Gjegnen!
Startzeitpunkt | 24.07.2024 07:52 (UTC+01:00 SZ) |
Endzeitpunkt | 24.07.2024 20:47 (UTC+01:00 SZ) |
Gesamtzeit | 12h 55min |
Zeit in Bewegung | 9h 29min |
Pausenzeit | 3h 26min |
Gesamtschnitt | 2,2km/h |
Bewegungsschnitt | 3,0km/h |
Entfernung | 28,4km |
Höhenmeter | 1.713m |
User comments