Gjegnen - ei kraftanstrenging (11.05.2025)
Geschrieben von bakken59
Besteigungen | Gjegnen (1.670m) | 11.05.2025 |
---|
Årets vårskitur blei lagt til Gjegnen, og i år fekk Anne og eg med oss Knut. Kjekt med breekspert når vi skal våge oss ut på bre!
Vi køyrde frå Sandvika kl 0900, og etter to ladestopp med proviantering, starta vi å gå frå parkeringsplassen over Hope kl 1815. Det var verkeleg ei veldig bratt og tøff oppstigning med skia på sekken. Snøføre fekk vi ikkje før ved 840 hm. Det var deilig å få på skia, og fint å labbe oppover med helfell. Mellom 21:30 og 22:00 var vi oppe ved Gjegnabu, då hadde vi gått i 3 timar og 18 minutt. Og på Gjegnabu møtte vi to peakbookarar som hadde gått på Gjegnen same dag direkte etter å ha gått dei tøffe 5 km og 1100 hm opp til hytta. Det står det respekt av! Vi var veldig glade for å kunne kvile ut ei natt før vi tok fatt på sjølve fjellturen. Dei vi møtte var BeHe (Berit) og mannen hennar. Vi tykkjer vi kjenner BeHe godt etter å ha følgt med på dei mange turane ho har gått dei siste åra, og ho kjende også oss frå turrapportane våre. Rett og slett eit kjempehyggjeleg møte!
Dagen etter starta med blank sol og rett over null grader. Men vi hadde også vind, og den siste timen opp til toppen var den ganske sterk. Vi følgde BeHe sine skispor som var lagt heilt ideelt. Vi brukte 3 timar til topps inkludert ei matpause. Fotografering av spektakulære omgjevnader frå toppunktet, og så bar det nedover i ettermiddagssola. Vi drog innom Gjegnabu og spiste og drakk litt - samt rydda oss ordentlig ut av hytta. Heimturen gjekk greitt, sjølv om eg hadde vore litt nervøs for nokre av dei aller bratteste partia nedover. 24 timar etter vi starta var vi tilbake ved bilen, sundagsdelen av turen tok 7 timar og 22 minutt, dvs totalt 10 timar og 40 minutt på heile turen. På dei to dagane gjekk vi 25 km og 2150 hm. Anne og Knut var med.
Benutzerkommentare
Gjegnen
Geschrieben von BeHe 12.05.2025 20:37Hyggelig å treffe dere på Gjegnabu. Fint at dere likte sporene våre til toppen. Da er den toppen endelig inne på lista! Vi hadde en nydelig tur til Blåfjell idag. Kan anbefales.
Sv: Gjegnen
Geschrieben von bakken59 12.05.2025 20:43Takk i like så! Kjempefint å endeleg møtast fysisk, det blir enda betre å følgje rapportane dine heretter - når vi no kjenner kvarandre! Dagen i dag var fantastisk fin. Vår tur til Glitteregga var heilt perfekt. Vi gjekk på beina etter råd frå ligroenb, som hadde logga to turar dit i helga. God tur vidare!
Sv: Sv: Gjegnen
Geschrieben von BeHe 12.05.2025 20:53Vi har tenkt oss til Gjegnen i morra, så supert at du har fersk beskrivelse og fine bilder av turen.
Gratulerer med Gjegnen;
Geschrieben von Stigun 12.05.2025 16:18virkelig en av de gjeveste kommunetoppene; bare overgått av Galdhøpiggen, Jiehkkevarri, Snøhetta og Store Lenangstinden( som jo ikke er K-topp) når det gjelder primærfaktor; en veritabel gigant i vest! Flotte bilder! Ekstra kjekt å treffe på andre k-toppsamlere! God sesong videre!
Sv: Gratulerer med Gjegnen;
Geschrieben von bakken59 12.05.2025 17:45Takk, Stig! Utruleg fløtt dag og fjellområde. Vi har tenkt lenge på denne, og glad for at det klaffa så godt med været no. God sommar til deg også!
Så hyggjeleg respons!
Geschrieben von bakken59 12.05.2025 11:01Ja, kjempekjekt å møte Berit og Jan. Vi tenkte faktisk litt på å koordinere oss å gjere eit eller anna saman framover. Eg held jo også litt på med Telemarkstoppane, og forstod at det gjer du og Sissel også. Kanskje vi kunne få til ein fellestur på dei traktene?
Sv: Så hyggjeleg respons!
Geschrieben von LivogKristen 18.05.2025 08:20Hei på deg.
Ja det hadde vært kjekt!
Vi drar i dag opp for å ta Næring og noen topper der oppe i området noen dager. Men skifter fort "beite" om kroppen min heller vil ha kortere topper....
Har du aning om hvordan et er på Furufell ved hytten din nå? Tror du en kan gå dit nesten uten snø nå?
Ha en fin dag!
Gratulerer!
Geschrieben von LivogKristen 12.05.2025 09:00Ja hørte dere hadde møtt Berit og Jan. Visste de skulle dit. De to er kjempespreke og ikke minst veldig koselige folk! Alltid spennende å treffe peakbokfolk. Vi fikk også tilbud om å bli med, men jeg kan ikke klare en slik tøff tur nå dessverre. Lykke til med alle turene videre!