Naganibba, Bratteliknuten og Godlifjellet frå Liarvatnet (10.05.2025)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Brattliknuten (795m) | 10.05.2025 |
---|---|---|
Godlifjellet (768m) | 10.05.2025 | |
Naganibba (747m) | 10.05.2025 | |
Besuche anderer PBE | Nagastølen (480m) | 10.05.2025 |
Maitur høgast i Jørpelandsheia, dag 1
Maitur i Jørpelandsheia i finver er alltid like gildt, og når det i tillegg blir råd med overnatting, blir det oftast minnerikt. Denne langturen med utgangspunkt ved Liarvatnet blei helst ein kopi av teltturen til Naganibba og Godlifjellet i fjor, men denne gangen var planen å koma seg heilt til Bratteliknuten. Denne høgaste toppen i Jørpelandsheia er krevande uansett utgangspunkt, og frå Liarvatnet er det heile 7,5 km i luftlinje. Eg har vore der både frå Preikestolhytta og frå Songesand kai, men aldri før frå Jørpeland-sida.
I godversperioden som hadde vore ei tid, låg det an til å kunna overnatta under stjernehimmelen denne helga. Dermed sparte eg ein del vekt på å la teltet bli att heime. Men både hengekøya og stormkjøkkenet blei med, så det skulle ikkje stå på kosen.
Lørdag kl. 1115 tok eg farvel med «privatsjåføren» min ved Liarvatnet, og så gjekk vegen oppskriftsmessig opp Lågalia, langs Svortingsvatnet og til topps på Naganibba. Av folk såg eg bare nokre i ein båt på vatnet, ellers møtte eg ingen heile dagen. På Nibba stod eg 1 time 50 min etter start, og då hadde eg helst gått i makeleg tempo.

Men dette var bare transportetappe sjølv om han var flott og akkompagnert av eit yrande fugleliv i skogen. Ikkje minst var det svært mange lauvsongarar, og ved Nagatjødnane høyrde og såg eg jamvel gauken før første gang i år. Planen var å ta seg vidare forbi Krokavatnet på sørsida og til foten av Godlifjellet, og hit brukte eg bare ¾ time frå Nibba i delvis stilaust terreng. Men nokon har nødla ein brukbar sti her, som er til god hjelp når ein har augene med seg.
Men her ved foten av Godlifjellet steig spenninga, for herifrå var det heilt nytt lende for meg. Planen var nemleg å ikkje ta oppakninga med meg over Godlifjellet, men å gå ned til den største Godlitjødna via høgdedraget aust for meg. Her ville eg óg få sjå Svartavatnet frå ein heilt ny vinkel og ikkje minst få i meg varm middag. Men det var svært kupert terreng, og eg måtte passera både fleire skrentar og små dalsøkk før eg stod på knausen nærast Svartavatnet. Her 3 timar etter turstart blei det tid til ein herleg middagspause, og eg vart liggande å nyta stunda og utsikten i om lag ¾ time.
Ned til den største Godlitjødna var det ganske lettgått, og endeleg var eg heilt her inne kor det er så urørt og langt frå folk som det går an. For meg som har tråva i Jørpelandsheia i 50 år er det ekstra gildt å sjå slike nye stadar, og særleg når det er så flotte forhold med sol, lauvsprett og fuglesong. Det var beint fram ei høgtidsstund og bare å nyta henne til fulle! Rett nok var me her inne på ski den flotte langturen vår over Godlifjellet i 2018, men dette var første gang på beina og uansett eit kjærkome gjensyn.
Eg hadde vurdert fleire ruter herifrå, både å ta med oppakninga over Bratteliknuten og legga meg til i Neverdalen for natta, og dessutan – og det blei utfallet – å la det meste av utstyret ligga att her ved tjødna og returnera hit. Eg hadde sett meg ut to mulige ruter til topps, og no ville eg gjera ein liten runde utav det. Planen var nemleg å nytta svapartiet ovanom Godliskardet til oppturen og følga draget lenger nord ned att. Som tenkt, så gjort!
Med lett bør gjekk det radig opp i Godliskardet og til dei små tjødnane der, og så var det å finna vegen oppover det stadvis bratte svapartiet. Eg trudde det skulle gå greit – og det gjorde det – men det var stadvis akkurat så bratt at det i alle fall var godt at berget var tørt og med god friksjon. Ingen trase å utfordra under våte og glatte forhold, altså!
Som venta blei det flott utsikt både mot Klomravatnet, Husafjellet og Godlifjellet, og dessutan tok Godlitjødnane og Svartavatnet seg bare betre og betre ut jo høgare eg kom. Samanlikna med dei andre turane mine til Bratteliknuten kom eg rett opp til toppunktet frå denne sida, og bare 40 min etter at eg stod i Godliskardet og 5 timar frå turstart, var eg sanneleg oppe ved varden.


Sidan me var her frå Songesand kai for bare 2 ½ år sidan blei det ikkje lange tida på toppen, men eg fann raskt vegen ned det nevnte draget like nord for toppen. Her var det óg tidvis bratt, men meir vegetert og greit å gå nedover. Men rådet mitt er uansett å gå opp via svapartiet sidan det er meir effektivt enn å gå oppover gras- og lyngbakkane. Både her langs draget og nede ved Godlitjødnane var det ellers urskog med både fore og bjørk, eit verkeleg kvalitetsteikn ved desse inste delane av Jørpelandsheia.
Opprinneleg hadde eg tenkt å overnatta ved den største Godlitjødna, men turen hadde vore såpass effektiv at klokka knappast var 17. Sekken blei derfor fylt opp att med utstyret, og så bar det opp gjennom gras- og lyngbakkane tilbake til foten av Godlifjellet. Sidan det freista mest å prøva hengekøya for natta, såg eg meg ut bjørkeskogen ved Nagatjødnane som residens. Her oppe var det uansett for små og spreidde bjørker til hengekøya, men eg måtte nytta høvet til å koma meg til topps på Godlifjellet for femte gang. Utan oppakninga gjekk dette radig på ein halvtimes tid – gildt å sjå ned i Godliskardet og mot Bratteliknuten frå denne kanten, no som dette var kjent lende for meg.

Tilbake ved utløpet av Krokavatnet la eg meg til i lyngen og tok ein herleg pause med kveldsmat under sola som ennå stod høgt på himmelen. Eg låg og kosa meg i ¾ times tid før eg rusla ned mot Nagatjødnane og rigga til hengekøya. Ja, faktisk fann eg ein brukbar plass oppe i lia nedanfor Naganibba med fin utsikt mot Nagaheia og -tjødnane.
Akkompagnert av gauken, mange lauvsongarar og andre småfuglar – og dessutan orrespel – blei det ei fin natt under stjernene. Månen som var nesten full såg eg diverre bare skinet av, for eg låg jo nordvendt og i skuggen av Naganibba. Og eg blei heller ikkje aleine her, for eit par telta ved litle Nagatjødna, men eg gjorde meg verken til kjenne eller traff dei dagen etter.
Tida på tur denne flotte dagen vart om lag 8 ½ timar, men då med to gode pausar og minst 1 ½ time på ryggen. Slik eg gjekk turen blei han på om lag 15 km og 1200 hm, og hadde eg villa det, kunne eg lett nådd sivilisasjonen igjen ved Liarvatnet på 1 ½ time utan å overnatta.
Benutzerkommentare