Sulefjellet (26.04.2025)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Sulefjellet (1.812m) | 26.04.2025 16:14 |
---|
Turen var planlagd sist helg, men vart utsett grunna naudsam restitusjon. Me har vore i ein hektisk periode med flytting. No er det mest på plass i leilegheit. Hærleg. Sende ut ei melding ved frukosten, og var heldig å få med meg Sigmund Hjermann på turen. I dag var eg spent på snø-forholda. Då me kom ut av Borlaugstunnellen, såg me at det var skrint med snø mot Suletinden. Tok av og køyrde så langt me kom opp i hyttefeltet på Gramstølen. Ingen snø. Snakka litt med grunneigar og slektning Arvid Brøyn, som sysla med hyttebygging. Han fortalde at kona gikk med skia på ryggen oppover, og planla Suletinden. Etter litt prat rusla me oppover. Etter knapt 15 min og passering elva Klemma, kom skia på. Me valde å følgje elva, som var godt dekt med snø. Så runda me ein haug, og følgde trakkemaskin-spora til nær Suleskaret. No vart det eit bratt opptak, men fint å gå mot toppen. Flott utsikt der, og berre litt bris. Nedatt Sulefjellet på rando-ski, gav stor glede. Litt laust i toppen, og prefekte køyreforhold litt etter toppunktet, og ned fjellet. Tok opp litt fart, og sigla godt bortetter dei flatare partia ved Suleskarstjødni. Skøyta så litt, og heldt høgdene, før me slapp oss meir ned i retning Gramstølen, for å få jamnt fall. Dreia deretter mot nord-aust, for å komme nedatt i Klemma. Godt ruteval, sjølv om me kunne ha gått litt meir rett på opp. Triveleg turfølgje, strålande vèr, og siste skitur denne sesongen på Filefjell.
Benutzerkommentare