Frå Botsheia til Preikestolhytta om Ulvaskog (15.02.2025)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Gryteknuten (457m) | 15.02.2025 |
---|---|---|
Hatten (410m) | 15.02.2025 | |
Besuche anderer PBE | Ulvaskoghytta (275m) | 15.02.2025 |
Med ein bil ved Preikestolhytta og start i Botsheia låg alt til rette for ein flott tur om Ulvaskog og kanskje til topps på Neverdalsfjellet stilaust frå sørvest. Men med 5-10 cm nysnø natta før blei det sjølvsagt litt meir krevande enn planane tilsa, så siste del av turen får vera til gode.
Me følgte T-stien til topps på Hatten så godt det let seg gjera. Det var stadvis spennande med nysnø på islagte sva, så her og der måtte både kne og albuar tas i bruk. På toppen var det flott utsikt mot Lysefjorden, men her blei me óg eksponerte for ein iskald vind som tidvis gav kraftig snøføyke.
Vel nede i le att og etter ein pause fann me Ulvaskoghytta, der me uroa ei lita mus or hiet sitt. Det var interessant å lesa oppslaget om Osprey-gruppa på hytteveggen, som eg ikkje la merke til sist eg var her. Ellers begynner deler av denne nye hytta å pregast av alderen, 30 år sidan ho erstatta den opphavlege ved frigjeringsjubileumet i 1995.
Sjå link til den interessante rekonstruksjonen frå Ulvaskog og motstandsarbeidet i Strand her: https://www.youtube.com/watch?v=xdBoKVjBAgQ
Vidare mot Gloppavatnet fekk me ikkje med oss at T-stien svingar eit stykke sørover og kryssar ryggen sørvest for Gloppavatnet på lågaste punktet. Det blei derfor litt stilaus bushing her til topps på ryggen, men så tok me oss fint inn då me forstod kor merkinga var. Akkurat her er det ikkje rom for feilnavigering, då stien ned mot og langs Gloppavatnet er av det meir krevande slaget. Her var eg faktisk i nytt lende, då eg aldri har gått akkurat her før – litt av ein sti!

Vel nede ved utløpet av vatnet – som for min del overraskande var her i nordenden og ikkje mot Lysefjorden i sør – fann me ut gjennom kvasse Gydalen og opp i skardet mot Revsvatnet og Preikestolhytta. Men me tok oss jamvel tid til ein sving oppom Gryteknuten som eg ikkje har vore på sidan 1990 då det verken var merking eller gode stiar i området.
Etter ein ny pause på toppen fann me vegen til bilen ved Preikestolhytta og konstaterte at det var nok for i dag. Fasit blei om lag 9 km, 700 hm og 5 ½ timar på tur utan å møta folk anna enn ved turstart og -slutt.
Benutzerkommentare