Ålfjell (09.11.2024)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Ålfjell (1.138m) | 09.11.2024 16:02 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Fosheimgrenda stidele (1.125m) | 09.11.2024 15:57 |
Noko usikker på ruteval her. Men tips og zooming på Norgeskart og Peakbook, leda meg på rett veg. Kjekkare å gå i terreng enn å traske på veg i hyttefelt. Ålfjell er utbygd, eller rettare sagt nedbygd. På veg oppover var det eit stikryssa i skogen med merka begge veger. Gikk ei rute opp, og ei anna ned. I ruta opp var det litt trefall, og ein kom ut av skogen øvst i hyttefeltet. Måtte då noko innatt på veg. Ruta nedatt var svært på god sti. Møtte då sambygdingar for andre gong i dag. I skumringa. Artig. Flott utsikt på toppen. No også litt solnedgang-stemning. Alltid vakkert. Nede att ved bilen kl 16:45. Nesten heilt mørkt, men hovudlykta blei i sekken. Godt nøgd med dagen. Tre turar, og tre raude nåler. Berre 130 km køyring tilbake til Lærdal. Med Polestar, godt lydanlegg og fantastisk lys, er køyreturen også kjekk. Pris kr 85 i drivstoff for 295 km.
Benutzerkommentare