Orkja - Jølster & framtidsfryd! (26.09.2024)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Dvergsdal
Tourcharakter Wanderung
Entfernung 3,2km
Höhenmeter 501m
Karte
Besteigungen Orkja (948m) 26.09.2024
Veit ikkje kor mange ganger eg har teke bilde av akkurat dette motivet.
Veit ikkje kor mange ganger eg har teke bilde av akkurat dette motivet.

Dette motivet innover Kjøsnesfjorden. Tenk om det kunne få være sånn til neste generasjon! Men, eg kan trygt fortelle mitt barnebarn at eg har kjempa kamp mot Gondolbane sidan 2013 i gamle Jølster Kommune ilag i starten med ein kamerat som hadde fanga dette opp endå litt tidlegere! Etterkvart fekk vi med fleire! Ei lita kvile og ei stille om planane, inntil Jølster vart ein del av den nye Sunnfjord kommunen. Då kom planane fram igjen med full styrke! Med ivrige nye påverka kommunepolitikere med lite forstand for det store bildet, historia og klima avtrykk til det "grøne" skiftet i noreg og på verdensbasis. Ca 2,5 millioner kroner har Sunnfjord kommune kosta utgreiing til fyrtårnet Gondolbane i Jølster inn i mot Jostedalsbreen nasjonalpark og det til nokre menn på Skei med store tanker. Sunnfjord Ordføreren velsigner med at klimaflyktinger ifrå Europa vil være eit godt kundegrunnlag... Litt usikker på kva forventninger til framtida eg skal formidle mitt barnebarn. Eg er sjølv glad for å hatt foreldre som har vist måtehald i min oppvekst ute på ei lita øy så langt vest i noreg som ein kan komme. Eg vil så gjerne vise mitt barnebarn den samme oppveksten. Sette pris på det enkle livet! Men, det er allerde sånn at det ikkje går! Vi får ikkje fisk meir på dei gode fiskeplassane ute i havet. Lakse elvane stenger ned og plastikk er komt i menneskekroppen. Då må det være lov å kjempe imot unyttig prosjekt som eigentlig er skapt av og for kapitalisme og enkelt individ.

Fint på toppen av Orkja
Fint på toppen av Orkja
Det er stas å ha besøk av Lale
Det er stas å ha besøk av Lale
Ingen tvil at Lale har interesse for det eg vil vise dei :)
Ingen tvil at Lale har interesse for det eg vil vise dei :)
Det fanger interesse og kanskje får vi fine skiturer ilag i framtid :)
Det fanger interesse og kanskje får vi fine skiturer ilag i framtid :)

Fin tur på Orkja før trivelig selskap av Lale og Miriam.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.