Drylleberget, Dryllenøse og Hundeknappen (14.09.2024)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 07min
Entfernung 24,9km
Höhenmeter 1.170m
GPS
Besteigungen Drylleberget (1.515m) 14.09.2024 11:42
Dryllenøse (1.510m) 14.09.2024 11:42
Hundeknappen (1.547m) 14.09.2024 11:42
Besuche anderer PBE Eidsbugarden parkering 14.09.2024 11:42

Nydeleg ver, og ein fin haust-tur. Men i dag hadde eg tekniske utfordringar. 100 meter før Dryllenøse gikk mobilen i svart. Difor også få bilder. Restarta mobilen fleire gonger, men svart blei det. I ettertid viste det seg at alt lys var av, og mørk-modus vart aktivert. Sidan eg er vand med å gå på Peakbook-spor, blei eg litt smånervøs. Men eg sette på Garmin GPS, som var med som back-up. Den trøbla eg også med på spor-fokus. Men, eg hadde lese meg godt opp på ruta, og toppane kjende eg godt under vegs. Egentleg ikkje noko problem, anna enn nokre få ikkje optimale ruteval. Opp til Hundeknappen frå baksida tok eg opp eit greitt drag, men ser at andre har gått litt lenger inn. Så der rauk eg på ca. ein km. Kunne og ha teke litt meir direkte nedatt frå Hundeknappen, slik at eg då kunne ha nytta meir av stien frå Yksendalsbu. Det blei litt visuelt nedatt nett då. Sidan eg var litt hastig, på grunn av trøbbel, fekk eg ikkje nyte turen som til vanleg. Men eg fekk da gløtta på flotte toppane på andre sida av Bygdin. I dag var det fint å sjå dei med snø på. Snøgrensa låg på ca. 1500 moh. Ruta opp frå Eidsbugarden og innover mot Yksendalsbu er ei svært fin rute. Lettgått, og den kan tilrådast. Utfordringa på turen min i dag, var eit noko meir kuppert Hundeknapp-fjell enn forventa. Men egentleg ein heilt grei tur. Blir irritert når eg manglar data. Gikk frå Eidsbugarden kl. 11:43. På Drylleberget kl. 13:46, og Dryllenøse kl. 14:56. Då eg kom til Hundeknappen var kl. 16:36, og eg var tilbake ved parkeringa kl. 17:50. Godt sliten då.

Slettmarkkampen, Slettmarkpiggen og Slettmarkhøe. Galdeberget nærast og lengst til høgre.
Slettmarkkampen, Slettmarkpiggen og Slettmarkhøe. Galdeberget nærast og lengst til høgre.
Drylleberget.
Drylleberget.
Ser bort på Dryllenøse frå Drylleberget.
Ser bort på Dryllenøse frå Drylleberget.
Bilde av spor. Spiss ned er Drylleberget. 1 = Dryllenøse
 2 = Hundeknappen.
Bilde av spor. Spiss ned er Drylleberget. 1 = Dryllenøse 2 = Hundeknappen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.