Nordaust for Mælen frå Finnabuvatnet (07.09.2024)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Nordaust for Mælen (1.495m) 07.09.2024

Denne lite prangande toppen mellom kjempene Trollaskeinuten og Mælen når likevel opp som fylkets 13. høgaste fjelltopp med sine 1495moh, ja han er faktisk høgast av dei 15 toppane mellom 1400 og 1500moh med pf≥100m.

Det var to år sidan eg var oppom ein ny topp i dette høgdeintervallet, og sidan begge kameratane alt hadde vore der, passa det med ein solotur denne flotte seinsommardagen. Med heile 24 år sidan eg var ved Finnabuvatnet sist – då me var på Mælen i juli 2000 – var det interessant bare å kjøra oppover den svært gode anleggsvegen frå Nesflaten.

Oppe ved Vasstølsvatnet var det anleggsarbeid på demninga, og vatnet var heilt tømt. Her såg eg ein småfalk frå bilen, truleg ein tårnfalk. Finnabuvatnet derimot, var heilt smekkfullt, og eg parkerte ved enden av vegen oppe på sjølve demninga.

På førehand hadde eg tenkt å kombinera turen med eit nytt besøk på Mælen, men eg valde uansett å gå i retning hovudmålet. Inne i Heimrevika kom eg inn på den gode stien som går langs sørsida av vatnet og inn til stølen i Vika. Den leidde meg opp i farbart lende, og så var det bare å finna ein grei oppgang i retning skardet på snaut 1400moh sørvest for toppen.

Eit kvarters tid frå demninga, på veg mot Heimrevika. Turmålet ligg oppe til høgre for dei to snøfennene midt i bildet
Eit kvarters tid frå demninga, på veg mot Heimrevika. Turmålet ligg oppe til høgre for dei to snøfennene midt i bildet
Den gode stien på sørsida av vatnet
Den gode stien på sørsida av vatnet
Tilbakeblikk mot Heimrevika frå same staden
Tilbakeblikk mot Heimrevika frå same staden
Naturen sitt eige overrislingsanlegg
Naturen sitt eige overrislingsanlegg
Overblikk over Finnabuvatnet ein times tid etter turstart
Overblikk over Finnabuvatnet ein times tid etter turstart

Eg holdt opp ein rygg til venstre for skardet og kom opp på ein fortopp som eg trudde var 1479-toppen, men så viste det seg at det var ein liten fortopp sørvest for denne att. Her vart eg eksponert for ein ganske sur vind frå aust, og T-skjorta måtte byttast med ulltrøye og vindjakke. Men her var det óg flott utsikt austover i Suldal og sjølvsagt mot Mælen i sørvest. To-tre ravnar som såg ut til å leika seg i vinden holdt meg med selskap her, dei verka beint fram forvitne på kven denne skapningen kunne vera.

Straks på ryggen mot den første fortoppen til venstre for skardet. Fortoppen dannar bakgrunn
Straks på ryggen mot den første fortoppen til venstre for skardet. Fortoppen dannar bakgrunn
Frå same staden mot skardet og Mælen med 1505-toppen dominerande
Frå same staden mot skardet og Mælen med 1505-toppen dominerande
Frå same staden mot Finnabuvatnet
Frå same staden mot Finnabuvatnet
På den første fortoppen med flott utsikt austover i Suldal. Me ser først ned Flesekvelvane og brekket mot Kvanndalen, så det som må vera Austra Brødsruva og Skyvassnuten til venstre
På den første fortoppen med flott utsikt austover i Suldal. Me ser først ned Flesekvelvane og brekket mot Kvanndalen, så det som må vera Austra Brødsruva og Skyvassnuten til venstre

Men eg hadde altså slurva litt med navigeringa og måtte både ned og opp to ganger før eg endeleg stod på toppen kl. 1330. Dette var nøyaktig to timar etter turstart og ganske som berekna. Sjølv om denne toppen ikkje gjer så mykje av seg, var det fin utsikt mot begge nabotoppane på fjellryggen og sjølvsagt tilbake til utgangspunktet ved Finnabuvatnet.

Frå fortoppen mot 1479-toppen
Frå fortoppen mot 1479-toppen
Frå 1479-toppen mot turmålet 400m lenger nord
Frå 1479-toppen mot turmålet 400m lenger nord
På toppen med Trollaskeinuten og Fitjanuten som bakteppe
På toppen med Trollaskeinuten og Fitjanuten som bakteppe
Fornøgd på toppen med Knoda kjennesleg lengst bak
Fornøgd på toppen med Knoda kjennesleg lengst bak
Tilbakeblikk mot Finnabuvatnet med Skaulen dominerande bak til venstre
Tilbakeblikk mot Finnabuvatnet med Skaulen dominerande bak til venstre

Det var lenge sidan frukost, og planen var å varma meg middag på stormkjøkkenet. Dette var ikkje aktuelt i vinden på toppen, men litt nede i vestsida fann eg ei flott livdakrå. Sola som var meldt å skulle skina frå skyfri himmel denne dagen, hadde mykje av tida vore bak eit skylag som såg ut til å ha klistra seg over indre strok av fylket. Men i pausen var ho i alle fall framme store deler av tida, og det var reint herleg å kosa seg med middagen.

Det var alt avgjort at det ikkje vart tur over Mælen på meg, til det freista det altfor mykje å følga GPS-sporet mitt tilbake til utgangspunktet. Dette gjekk like radig som opp, og etter om lag 10 km, 700 hm og 4 ¼ timar på tur var eg tilbake ved bilen på demninga. Utanom ravnane på toppen såg eg to-tre ryper av kvart slag og dessutan ein del heipiplerke og steinskvett. Folk var det ikkje å sjå utanom langs vegen og i ein båt på Finnabuvatnet.

Like ved demninga med idyllisk tilbakeblikk på ruta mi. Turmålet ligg oppe til høgre for dei to snøfennene bakerst i bildet
Like ved demninga med idyllisk tilbakeblikk på ruta mi. Turmålet ligg oppe til høgre for dei to snøfennene bakerst i bildet

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.