Sollinova (02.08.2024)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 7h 05min
Entfernung 12,9km
Höhenmeter 1.487m
Karte
Besteigungen Sollinova (1.464m) 02.08.2024

Då fekk eg fullført Sunnfjord kommune si liste over toppar med 100mpf. Dette var nok ikkje den enklaste toppen for meg, sidan den kan verke litt luftig det siste stykket opp.
Eg var litt usikker på kor stor elva var, så eg gjekk opp på venstresida av elva. Litt kronglete å komme seg opp, men det gjekk for så vidt bra. Brukte nok ein del lenger tid opp på grunn av krangling med nokre busker.
Oppe i Sollibotnen fann eg merkinga opp til toppen og glad er eg for det, for det er ikkje den mest opplagte toppen å bestige. Stien gjekk rett opp og så noko til venstre. Etter kvart vart det litt vel luftig for høgdeskrekken, men viljen er nok større enn høgdeskrekken, så opp skulle eg. Eg var i alle fall så var eg svært glad for at merkinga framleis er så pass bra at det går an å komme seg relativt trygt både opp og ned.
Til mi store forundring traff eg faktisk folk rett før eg kom opp til toppen og eg so trudde det kun var eg som var ute på slike ærend. Så feil kan ein ta.
På veg nedatt bestemte eg meg at eg skulle ta den merkte ruta nedatt, sjølv om eg måtte over elva. Så eg tok av meg skoa og vassa over for å sikre at ikkje skoa blei meir våte enn dei trengte. Ein liten tur bort til det grøne vatnet. Jammen er det flott der. Fulgte stien nedatt og forstår at det er faktisk ganske bratt ned lia frå Sollibotnen.

På veg opp Veitebergsdalen. Sollinova midt i mot
På veg opp Veitebergsdalen. Sollinova midt i mot
På veg opp frå Sollibotnen.
På veg opp frå Sollibotnen.
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Bjørgja og Jostedalsbreen
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Bjørgja og Jostedalsbreen
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Trollebotseggane
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Trollebotseggane
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Storefonnskaret
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Storefonnskaret
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Vora og Sanddalsvatnet
Utsikt frå toppen. Blandt anna mot Vora og Sanddalsvatnet
Utsikt frå toppen. Tett på Snønipa og Myklebustbreen
Utsikt frå toppen. Tett på Snønipa og Myklebustbreen
Nede ved Sollibotnen
Nede ved Sollibotnen
Ruta opp går omtrent midt i mot og rett opp eit skar og opp til venstre.
Ruta opp går omtrent midt i mot og rett opp eit skar og opp til venstre.
På veg ned frå Sollibotnen
På veg ned frå Sollibotnen
Bratt ned
Bratt ned
På veg tilbake til bilen
På veg tilbake til bilen

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.