Børgja og Øst for Bjørgja (25.07.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Bjørga (1.551m) | 25.07.2024 |
---|---|---|
Sørøst for Bjørga (1.524m) | 25.07.2024 | |
Øst for Bjørga (1.503m) | 25.07.2024 | |
Besuche anderer PBE | Befringsdalen parkering (600m) | 25.07.2024 |
Nok ein finfin dag. Og ny mulighet til å besøke ein topp eg manglar.
Det er nokre år sidan eg gjekk opp til Bjørgja og då kunne eg hugse at stien var godt merka på grunn av Jølster fjelltrim. Den merkinga var ikkje fullt så god lenger. og eg brukte nok litt tid å finne rett rute. Det er i den seinare tida også komt merking opp til Tortnegrøegga, så det er veldig lett å velge feil rute ettersom den er ein del betre merking på.
Fulgte ei omtrentleg rute opp mot Rambjørgebotnen og vidare opp mot Bjørgjaryggen. Gjekk direkte bort på toppen Øst for Bjørgja, der var det litt store steinar innimellom, men ikkje verre enn at eg kunne klyve på dei. Etter kvart vart terrenget litt lettare. Ein liten rast mellom toppane før eg gjekk opp til Bjørgja. Terrenget opp dit var ein del enklare, sidan mesteparten av ruta gjekk på berg. Fulgte merkinga nedatt til Rambjørgebotnen og bilen ved Befringsstølen.
Benutzerkommentare