Kveldstur til Høgafjellet (22.07.2024)
Geschrieben von bakken59
Besteigungen | Høgafjellet (868m) | 22.07.2024 |
---|
Køyrde frå regn i Langlim til sol på Vestlandet. Brukte vel dryge 6 timar til Osterøy. Parkerte ved Blomvågsleitet. Flytta saker over i ryggsekk og gjekk den knappe kilometeren inn til Træet, der eg fann ei seng i andre høgda og plasserte sekk og sovepose der. Så åt eg ei niste før eg bestemte meg for å bruke den lyse kvelden og gå til toppen med èin gong. Gjekk den historiske stabbesteinvegen opp til Hesjedal. Følgde der svak og svært våt stig opp dalen. Då eg kom opp til dalbotnen/kvæven, kryssa eg bekken og ei myr før eg klorte meg opp langs èin liten foss til bratt lyngbakke som eg forserte. Over brinken så eg èin varde opp til venstre, men skjønte raskt at eg hadde eit godt stykke att til toppen. Måtte opp over fleire luretoppar før eg kom til topps etter 2 timar og 10 minutt. Det er ganske slitsamt å gå i terreng slik, og eg unte meg nokre sjokoladeruter og drakk i fleire bekkar nedover. Følgde nokolunde same trasé nedover. Var nøye med å sette føtene trygt, for det var glatt og bratt og ulendt, og eg gjekk no aleine på kveldstid…Var tilbake etter fire timar og fem minutt. 709 hm og 11,5 km. Smakte med eit bad i tjønna ved Træet, sjølv om knottsvermen stod rundt meg. Overnatta.
Benutzerkommentare
Osterøy og Fedje
Geschrieben von knutsverre 31.07.2024 11:51Gratulerer med to nye kommunetopper! Skulle gjerne vært med deg Høgafjellet, men som du oppdaget var Stig og jeg i Troms på den tiden.